Aylar Lie

From Wikipedia, the free encyclopedia

Remove ads

Aylar Lie (fødd 12. februar 1984 i Teheran), opphavleg Sharareh Dianati, er ein norsk profesjonell pokerspelar og tidlegare undertøysmodell (omtalar ofte seg sjølv som glamourmodell).

Kjappe fakta
Remove ads

Oppvekst

Lie kom til Noreg frå Iran som toåring saman med foreldra sine, som politiske flyktningar. Faren vart kort tid etter fengsla etter eit overfall på mora med kniv. Mora var ikkje i stand til å ta vare på dottera og overlet foreldreretten til faren då han kom ut av fengselet to år seinare. Barnevernet motsette seg dette og plasserte ho på barneheim då ho var fem år gammal. To år seinare kom ho til eit norsk-iransk fosterheim.[1]

I tenåra vart Aylar medlem av dansegruppa Dancing Youth, som opptredde i norske TV-program, mellom anna Gullfisken.[2] Som 16-åring vart ho sendt til Iran av sin biologiske far for å møte slektningar, men vart halden der mot sin vilje i to år, til den norske ambassaden til slutt hjelpte ho å rømme frå familien i Iran og reise tilbake til Noreg.[3][4][5]

Remove ads

Karriere

Etter at Lie kom tilbake til Noreg frå Iran, reiste ho berre nokre månader seinare, som 18-åring, til USA for å møte den biologiske mora si,[6] som ho ikkje hadde sett sidan ho var lita. Etter eiga utsegn hamna ho i dårleg selskap og kom borti narkotikamisbruk. Under eit opphald i USA sommaren 2002 deltok ho i innspelinga av fleire pornografiske filmar som seinare vart spreidde under ulike titlar. Etter at ho kom tilbake til Noreg, vart filmane kjende, og ho vart diskvalifisert frå finalen i venleikskonkurransen Frøken Norge i august 2004.[7] Same år hevda Lie, saman med glamourmodellen Lene Alexandra Øien, å ha hatt sex med den britiske songaren Robbie Williams.[8] Han fortalde seinare på direktesendt TV at påstandane var oppdikta. PR-stuntet fekk stor merksemd, og Lie og Øien hamna på framsida av den britiske avisa The Sun.[9]

Det første modelloppdraget til Lie i Noreg var ein landsdekkjande kampanje for frisørkjeda Nikita i 2003. Kampanjen vart fjerna i 2004 av same grunn som diskvalifikasjonen i venleikskonkurransen.[10]

Lie hadde ei gjesteopptreden i realityserien Big BrotherTVNorge i 2005. Ho vart sendt inn i Big Brother-huset for å gjere deltakaren Elita Löfblad sjalu på meddeltakaren Klas Andersen. Oppdraget var vellukka, og Lie forlet huset etter berre fire dagar. Hausten same år starta ho sitt eige glamourmodellbyrå, kalla «Team Aylar». Ho la ned verksemda året etter.

I 2006 gav Lie ut ein singel med si eiga utgåve av Sabrina-låta «Boys Boys Boys». Hausten 2006 arbeidde ho saman med Aune Sand med innspelinga av kortfilmen Dådyr. Sommaren 2007 var Lie gjesteartist på Yousef Hadaoui sin singel og musikkvideo «Mamacita». Videoen vart raskt populær på YouTube, og Yousef og Lie opptrådde på Russefeber for 5000 tilskodarar og på Norway Cup same sommaren. Ho har òg delteke i fleire musikkvideoar til Basshunter.

Lie fekk i 2008 rolla som sigøynarkvinna Lexia i den norske barnefilmen Yohan, som byggjer på historia til sigøynarkvinna Raya. Sidan 2009 har Lie studert, men ho deltok i Skal vi danse på TV 2, der ho kom til finalen,[11][12] og i 2011 var ho med i programmet Det blir bedre på TV3, der ho fortalde om omsorgssvikten ho opplevde i barndomen. I 2012 spela Lie gjesterolla som «divaen» Kassandra i Hotel Cæsar.

Frå februar til oktober 2013 var Lie programleiar for TV 2-programmet Eurojackpot, saman med Geir Håkonsund.

Vinteren 2017 deltok Lie i realityserien Farmen Kjendis på TV 2.[13]

I 2017 kom Lie på andreplass på lista over Noregs beste pokerspelarar, uavhengig av kjønn, Vi Menns Gullhånda, berre slått av Preben Stokkan. I 2018 vann ho Gullhånda, som vart delt ut under Vi Menns Pokergalla den 2. mars 2019.[14] Ho vart i 2018 rangert som Europas beste kvinnelege pokerspelar og er rangert blant dei 20 beste kvinnene i verda.[15]

Remove ads

Venleikskonkurransar

  • 2004: Frøken Norge (deltakar)
  • 2008: Frøken Norge (gjesteopptreden)

Filmar

  • 2007: Dådyr
  • 2010: Yohan - Barnevandrer (Raya)

Deltaking

  • 2005: Først & sist (gjest)
  • 2005: Big Brother Norge Sverige (gjesteopptreden)
  • 2005: Aylar - Ett år i rampelyset (seg sjølv)
  • 2007: Rikets røst (gjest)
  • 2009: Helt ærlig (gjest)
  • 2009: 4-stjerners middag halv åtte (deltakar)
  • 2010: Sommertid (gjest)
  • 2010: Skal vi danse med Egor Filipenko (2. plass)

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads