Bête Noire
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Bête Noire er det sjuande studioalbumet til den engelske songaren Bryan Ferry. Albumet kom i november 1987 på Virgin Records i Storbritannia og Reprise Records i USA. Albumet selde godt og fekk god kritikk, og nådde niandeplassen på den britiske albumlista. Det selde til gullplate i Storbritannia.
Den første singelen, «The Right Stuff» (eit samarbeidd med Johnny Marr som ein versjon av The Smiths-instrumentalen «Money Changes Everything», ei B-side) var den einaste hitten hans i Storbritannia, då singelen nådde 37. plassen.[1] Den andre singelen, «Kiss and Tell», nådde akkurat ikkje topp 40 i Storbritannia, men nådde topp 40 i USA, som den einaste singelen til Ferry som klarte dette. Songen vart nytta i filmen Bright Lights, Big City. Den tredje og siste singelen, «Limbo», nådde 86. plassen i Storbritannia.[2][3][4] Modellane Denice Lewis (som òg er på framsida av singelomslaget), Christine Keeler og Mandy Rice-Davies var med i musikkvideoen for singelen «Kiss and Tell».[5]
Remove ads
Bakgrunn
Etter suksessen med det førre Ferry-albumet, Boys and Girls (1985), kom han fram til at det var på tide med ei stilendring. I eit forsøk på å gje musikken sin ein meir dansbar stil, slo han seg saman med Patrick Leonard, som var kjend for samarbeidet med Madonna.[6] Leonard var medlåtskrivar på fem av songane på albumet. Gjesteartistar på albumet var mellom anna Pink Floydgitaristen David Gilmour, studiomusikaren Guy Pratt, David Williams, Abraham Laboriel, den tidlegare Roxy Music-gitaristen Neil Hubbard og trommeslagaren Andy Newmark.
Fans har ofte spekulert i om songen hans «Kiss and Tell» var Ferry sitt svar til den avslørande boka til Jerry Hall om forholdet deira, som var komen ut eit par år tidlegare.[7]
Remove ads
Søksmål med E.G. Records
Før albumet kom ut hevda Ferry at platekontrakten hans med selskapet E.G. enda i mars 1987 og at han kunne selje det nye albumet til andre selskap. E.G. sa at dette braut ein 15 år lang kontrakt som gav dei eksklusive rettar til marknaden i Canada og USA. Søksmålet kom opp i høgsteretten i London og i ei høyring før rettssaka vart partane samde om at albumet skulle gjevast ut før hovudhøyringa. Ferry skulle betale ein tredjedel av honorara til ein felles konto med E.G. – som dei skulle få om dei vann saka. E.G. vann til slutt saka og marknadsførte albumet i Canada og USA.[8]
Albumet kom ut i USA på Reprise Records, og det gjekk inn på Billboard-lista 21. november 1987 og låg 31 veker på lista, med ein 63. plass som høgaste plassering.[9]
Remove ads
Turneen i 1988-1989
Ferry turnerte i Australia, Japan, USA, Canada og Europa for å marknadsføre albumet. The Edge frå U2 vart med Ferry på scenen på konserten i Dublin for å spele på den irske folkevisa «Carrickfergus» (som Ferry tidlegare hadde spelt inn i 1978) og Johnny Marr akkompagnerte han på «The Right Stuff» på konserten i Manchester. Den tidlegare Roxy Music-musikaren Andy MacKay spelte òg på eit par nummer på konsertane i London Palladium og Wembley Arena.[10]
Fleire av songane frå konserten i Glasgow kom ut på fleire CD-singlar av Ferry mellom 1993 og 1995.
Besetning
- Bryan Ferry – solovokal
- Clifford Carter – klaverinstrument
- Neil Hubbard – gitar
- Jeff Thall – gitar
- Chester Kamen – gitar (berre i 1989)
- Luico Hopper – bass
- Andy Newmark – trommer
- Steve Scales – perkusjon
- Andy Mackay – saksofon (gjesteartist i London)
- Michelle Cobbs – korvokal
- Ednah Holt – korvokal
- Yanick Etienne – korvokal
Remove ads
Mottaking
I ei melding for AllMusic skreiv Ned Raggett at «Bête Noire gnistrar som høgdepunktet i solokarrieren til Ferry etter Roxy, og har nok energi til å vere meir enn Boys and Girls del to. Her slår hans velpolerte hjartesorg ein fin balanse mellom mystisk stemning og dansegolv-energi, og Leonard har meir enn eit par triks i ermet for å halde peppen oppe.»[11] Kritikaren Robert Christgau skreiv «Som med Mick Jagger, av alle folk, er signalet om at sjølvimitasjonen har søkkt ned i sjølvparodisk forkynnande og keisam vokal, som ein gong var ur-posh, no berre er sjølvtilfreds.»[12] Billboard skreiv om albumet: «Den tidlegare Roxy Music-maestroen sin etterlengta oppfølgjar til Boys and Girls byr godt for det nye selskapet hans Reprise. Som tidlegare Ferry-soloplater er songaren og låtskrivinga like elegant og sjarmerande som vanleg. Melodiane heng på det kjende temaet hans med l'amour moderne on the rocks. Songane er gjennomgåande solide, sjølv om 'Kiss & Tell' og 'Seven Deadly Sins' stikk seg ut.»[8]
Anthony DeCurtis skreiv for Rolling Stone at «Bête Noire er eit nytt steg for Ferry bort frå distinkte songar og inn i atmosfære og kjensle. Strategien fungerer stundom særs bra, som Ferry beviste på overgangsalbumet Avalon av Roxy Music. Men når røysta hans søkk djupare ned i dei mørke laga i musikken hans, når tekstane hans vert redusert til ein morse-kode av raffinert fortviling og emna trekk seg ned i tåka, verkar Ferry i aukande grad som Narkissos, hugteken av sin eigen refleksjon i dammen - og den botnlaus djupna nedanfor.»[13] Mark Coleman skreiv i Rolling Stone Album Guide at «Bête Noire kunne hatt bruk for ein solid melodi. Like lågmælt og stemningsfullt som alltid, går den djupt stemningsfulle røysta til Ferry likevel tapt blant dei store og antiseptiske musikalske krusedullane frå den digitale innspelingsæraen. Bête Noire er deprimerande smakfull og ein avdempa, toppmoderne bakgrunn.»[14] Ira Robbins i Trouser Press skreiv «Den like kontrollerte Bête Noire stadfestar at Ferry forpliktar seg til ufarleg raffinement. Den fantastiske røysta er den einaste ressursen hans. Det han syng om er alt anna enn relevant. Med den sterkare melodiske utviklinga på denne plata og eit breiare utval av dansbare tempo enn på Boys and Girls er påtakelege teikn på liv. Involveringa til den tidlegare Smiths-gitaristen Johnny Marr, som spelar og er medlåtskrivar på ein nesten spanande song ('The Right Stuff') er eit anna positivt touch. Til slutt, med reduserte forventingar, er 'Limbo', 'Kiss and Tell' og 'Day for Night' kjølig innbydande og forholdsvis lette å like.»[15]
Remove ads
Innhald
Alle spor skrivne av Bryan Ferry og Patrick Leonard, utanom der andre er nemnde
Remove ads
Medverkande
- Bryan Ferry – solovokal, klaverinstrument, akustisk piano
- Patrick Leonard – klaverinstrument, synthesizer
- David Gilmour – gitar
- Neil Hubbard – gitar
- Dann Huff – gitar
- Chester Kamen – gitar
- Johnny Marr – gitar
- Bill Rupert – gitar
- David Williams – gitar
- Abraham Laboriel – bass
- Marcus Miller – bass
- Guy Pratt – bass
- Vinnie Colaiuta – trommer
- Andy Newmark – trommer
- John Robinson – trommer
- Rhett Davies – trommemaskinar
- Paulinho da Costa – perkusjon
- Jimmy Maelen – perkusjon
- Courtney Pine – saksofon
- Dan Wilensky – saksofon
- Mario Abramovich – fiolin
- José Libertella – bandoneon
- Luis Stazo – bandoneon
- Tawatha Agee – korvokal
- Michelle Cobbs – korvokal
- Yanick Etienne – korvokal
- Siedah Garrett – korvokal
- Paul Johnson – korvokal
- Albert Sanchez – korvokal
- Fonzi Thornton – korvokal
Remove ads
Teknisk
- Alle songar produserte av Bryan Ferry og Patrick Leonard, utanom «Kiss and Tell», «New Town», «The Right Stuff» og «Seven Deadly Sins» av Bryan Ferry, Patrick Leonard og Chester Kamen.
- Lydteknikarar – Ian Eales, Steve Jackson og Kevin Killen.
- Miksa av Bruce Lampcov og Alan Meyerson
- Mastering av Bob Ludwig i Masterdisk (New York, NY).
Salslister
Album
Singlar
Remove ads
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads