Bøheringen

From Wikipedia, the free encyclopedia

Remove ads

Springaren Bøheringen er ein slått som er spela i Telemarkstradisjon, men kjernepunkt i Bø i Telemark. Slåtten er bygd saman av to eldre slåttar, den eine frå Vinje, den andre frå Seljord. Denne slåtten er ein gamal springar etter Jon Kjos. Storforma er truleg bygd ut av Leiv Sandsdalen eller Halvor Flatland. Slåtten har vore mykje nytta av Torkjell Haugerud og Olav Groven.

Variantgruppa

Slåtten er registrert som nr 513 i springar-bolken av Hardingfeleverket. Storslåtten er sett saman av variant a og b. Slått c og g er sjølvstendige variantar av a og b.

  • a: Springar etter Jon Vestafe, etter Johannes Dale, Tinn [daud lenkje]. Nedskrift Sven Nyhus 1975. Dale hadde slåtten etter bestefaren Knut Dale. Jon Vestafe er den same som Jon Kjos. Vestafe var det namnet han fekk i Tinn, av di Åmotsdal ligg vest for Tinn. Johan Halvorsen skreiv opp slåtten etter Knut Dale, og han er arrangert av Edvard Grieg i op. 72, norske slåtter, Jon Vestafæs springdans (men Halvorsen har mistydd rytmikken i springaren, og det same har Grieg gjort).
  • c: Geitehytten, etter Kjetil Løndal, Tuddal [daud lenkje]. Nedskrift Sven Nyhus 1977. Løndal hadde slåtten frå faren Svein Løndal. Slåttenamnet skriv seg frå ein Leif Geitehytta frå Sauland, fiskar-Leif dei kalla. Dette er ein meir utbygd form av variant a, Jon Vestafe.
  • g: Tråenmann, etter Steingrim Haukjem, Veggli [daud lenkje]. Nedskrift Truls Ørpen 1924 (Ø 157). Variant av "Jon vestafe", fletta inn i storforma av Bøheringen. Slåtten er ein noko meir utbygd form av b, springar frå Vinje.
Remove ads
Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads