Bømlo
øy i kommunen Bømlo, Hordaland, Noreg From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Bømlo eller Bømmeløy er den største øya i Bømlo kommune (171 km²) i Sunnhordland sørvest i Hordaland. Kulleseidkanalen deler øya i ein norleg del med store nakne myrar og ein sørleg del som er frodigare. På Bømlo ligg tettstadene Svortland, Rubbestadneset, Foldrøyhamn, Langevåg og Melandsvågen og den nedlagde ferjekaia Siggjarvåg. Bruer knyter øya saman med andre øyar i heradet, som Moster, Goddo, Hiskjo, Aga og Spissøy. Vegsambandet Trekantsambandet bind saman øyane og øykommunane, Bømlo og Stord med Sveio og fastlandet med bruar og ein undersjøisk tunnel. Sambandet vart opna 30. april 2001.
- Denne sida finst òg på høgnorsk — sjå «Hn/Øyi Bømlo».
- Sjå òg Bømlo kommune.
Fjellet Siggjo (474 moh.) ligg på øya. Det har med sin særmerkte formasjon vore eit kjent innseglingsmerke.
Namnet Bømlo kjem av norrønt Bymbil som skal kome frå ordet bembel, 'navle' eller 'mage'. I denne samanhengen er det truleg meint i tydinga 'tjukk', 'oppsvollen' som spelar på formasjonen på Siggjo.
Remove ads
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads