Odd Eriksen

norsk politikar From Wikipedia, the free encyclopedia

Odd Eriksen
Remove ads

Odd Eriksen (fødd 11. mars 1955 i Sandnessjøen, død 11. februar 2023)[1] var ein norsk politikar frå Arbeidarpartiet. Han vart den 17. oktober 2005 utnemnd til statsråd for Nærings- og handelsdepartementet i regjeringa Stoltenberg II. Den 29. september 2006 vart det kunngjort at han gjekk av som statsråd. Dag Terje Andersen tok over, og Eriksen vart fylkesrådsleiar i Nordland fylke i desember same år.

Kjappe fakta Fødd, Død ...
Remove ads

Karriere

Eriksen budde lenge i Dønna. Han starta arbeidskarrieren sin i elektrolysen ved Elkem Aluminium i Mosjøen. I åra mellom 1986 og 1990 var han fagforeiningsleiar i MKAF (Mosjøen kjemiske arbeiderforening), som er den lokale foreininga av NKIF. Mellom anna leia han streiken under lockouten i 1986. Han var vararepresentant for Bjarne Mørk Eidem til Stortinget i åra 19891993, han sat då i justiskomiteen i Stortinget. Han var fast stortingsrepresentant i åra mellom 1993 og 2001. I tida frå 1993 til 1997 var han òg nestleiar i forsvarskomiteen i Stortinget. Frå 2003 og fram til utnemninga som statsråd, var han fylkesråd for samferdsle og leiar for Arbeidarpartiet i Nordland.

Eriksen vart landskjend då han var med på å overmanna kapraren på eit fly frå Kato Air i 2004. Dermed hindra han at flyet styrta.[2] Han fekk Carnegies heltemedalje i gull i 2005 for innsatsa.[3]

Remove ads

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads