Børselv

grend i Porsanger i Finnmark From Wikipedia, the free encyclopedia

Børselv
Remove ads

Børselv (kvensk Pyssyjoki, nordsamisk Bissojohka) er ei bygd og ein tettbygd stad i Porsanger kommune i Finnmark fylke, ca. 42 km frå Lakselv. Innbyggjartalet er ca. 250. Børselv er mest kjend for å vere ei av dei bygdene der kvensk står sterkast.

Kjappe fakta Land, Fylke ...

Børselv har ein daglevarebutikk som har bensinutsal, tipping og apotekutsal. Børselv oppvekstsenter består av barnehage og barne- og ungdomsskule. Skulen hadde 19 elevar i 2010.

I Børselv ligg Kainun institutti - kvensk institutt. Senteret har vore i full drift sidan januar 2007. Det arbeider for å verne og utvikle kvensk språk og kultur, og driv dessutan både språkleg og kulturelt opplysningsarbeid.

Når det gjeld reiselivsnæring finst det i Børselv ein overnattingsstad, Bungalåven‚ eit lite familiedrive overnattings- og aktivitetssenter.

Gjennom bygda renn Børselva, ei elv der laksen går ca 80 km innover i landet.

Remove ads

Kjente børselvingar

Foreiningsliv

  • Norske Kvener - Børselv / Ruijan Kväänit - Pyssyjokilaiset vart stifta i 1984 som den første kvenforeningen i Noreg. Samskipnaden var òg med som ein stiftarane av Norske Kveners Forbund (Ruijan Kveeniliito].
  • U&IL Silfar er eit idrettslag som vart oppretta i 1975. U&IL Silfar satsar spesielt på friidrett og langrenn. Idrettslaget har lysløype med gode tilhøve heile vinteren, og fotballbane.
  • Dartklubben Missing blink vart oppretta i 1999, og har lokala sine i Hestnes.
  • Kapperi - Pyssjoven Käsityöjuokko vart stifta i 2007 og er ein lokal husflids- og håndverksforening.
  • Andre lag og foreininger
    • Børselv jeger- og fiskeforening
    • Børselv kirkeforening
    • Børselv hagelag
    • Børselv musikkorps
    • Børselv Bygdelag
Remove ads

Kjelder

Bakgrunnsstoff


Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads