Balalaika
russisk strengeinstrument From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Balalaika er eit luttaktig strengeinstrument av russisk opphav. Det har ein karakteristisk triangulær kropp og tre strengar. Instrumentet blir laga i seks ulike storleikar frå piccolo til kontrabass.[1] Prima-balalaika er den vanlegaste typen.
Ein speler prima-, secunda- og alt-balalaika ved å klimpra på strengane med fingrane eller eit plekter. Til bass- og kontrabass bruker ein lêr-plekter. Til piccolo-instrumentet blir det også vanlegvis brukt eit plekter.[2] Strengane kling ikkje lenge etter anslag, så ein speler ved å slå dei an ganske raskt.
To av strengane er vanlegvis stemte til same tone, medan den tredje vanlegvis er stemt ein kvart høgare. Prima-balalaika er vanlegvis stemt E4–E4–A4. Balalaikaen kan også stemmast «som gitar» av folkemusikarar med G3–B3–D4, som dei tre høgaste strengane på russisk gitar. Dette gjer det lettare å spela for russisk gitarspelarar. Balalaikaen kan også stemmast E4–A4–D5, likt domrastemming, for å gjera det lettare for dei som har lært å spela domra å spela balalaika.[3] Andre folkemusikkstemmingar er D4–F♯4–A4 og C4–E4–G4.[4]
Remove ads
Historie
Balalaikaen blei utvikla frå domraen.[1] Ordet «balalaika» er fyrst nemnt i eit russisk dokument frå 1688,[5] då to personar blei arresterte for å spela balalaika og synga på gata.[6] Det opptrer vidare i eit dokument frå Verkhotursky distrikt datert oktober 1700, og i eit dokument underskrive av Peter den store frå 1714 knytt til bryllaupsfeiringa til N.M. Zotov i Sankt Petersburg. På ukrainsk er ordet fyrst nemnt på 1700-talet som «balabaika», denne forma finn ein også i sørrussiske og kviterussiske dialektar, og i russisk Sibir.[7][8] I løpet av 1700-talet blei instrumentet svært populært i Russland, og i 1780 skreiv Jean-Benjamin de La Borde at ein kunne finna instrumentet i kvar heim i Russland, og at det knapt var ein bonde som ikkje kunne spela det.[9]
Vasilij V. Andrejev (1861-1918) standardiserte balalaikafamilien med (piccolo, prime, secunda, alt, bass og kontrabass) i 1880-åra.[6]
Remove ads
Galleri
- Sibirsk balalaika frå 1800-talet.
- Dekorert balalaika frå byrjinga av 1900-talet.
- Framside og bakside
- Bass-balalaika
- Kontrabass-balalaika
- 'Gut med balalaika' av Pjotr Zabolotskij frå 1835.
- Russisk folkelivsskildring med balalaika frå 1862.
- 'Folkedans i Kursk guvernement' av Konstantin Trutovskij frå 1860.
- Vassili Goulak, Николы не кохай кацапа, postkort frå rundt 1918 med den ukrainske teksten «Ti bodord for ei ung jente. Sjuande bodordet: Aldri slå seg samam med ein katsap». Ei jente sparkar vekk ein mann med stereotypiske russisk klede og balalaika.
Remove ads
Kjelder
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads