Domra
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Domra (russisk домра) er eit russisk klimpre- eller strengeinstrument i lutfamilien med 3–4 metallstrenger og rund kropp. Ein speler ofte domra saman med balalaika. Domraen er kjenneteikna av den lange halsen. Ein pleier spela på han med eit plektrum. I tillegg til trestrenga domra (som blir stemde i kvartar) finst òg ein firestrenga versjon som blir stemt i kvintar på same måte som fiolin og mandolin. Eit liknande instrument er den ukrainske kobzaen.
Domra finst i ulike storleikar, frå pikkolo til kontrabass. Det sistnemnde instrumentet er nesten ein meter langt med ein halvklode på ca. 80 cm som resonanseboks.
Remove ads
Historie
Namnet domra finst i den russiske litteraturen på 1500-talet. På denne tida var domra framfor alt eit musikkinstrument for narrar. På 1600-talet blei narrelauget forfølgd av tsaren og kyrkja, og dette medførte at instrumenta blei slegne sund og brunne. Dermed forsvann domraen heilt. Dokumentasjonen er mangelfull, det finst ingen avbildingar og berre nokre mindre noteringar om instrumentet. På slutten av 1800-talet blei den trestrenga domraen rekonstruert av Vasilij Andrejev. Han blei bygd i same storleikar som instrument i fiolinfamilien: pikkolo, prim, alt, tenor, bass og kontrabass. Den firestrenga domraen blei skapt på byrjinga av 1900-talet.
Remove ads
Sjå òg
- Russisk musikk
- Balalaikaorkesteret Kazbek
Kjelder
- Denne artikkelen bygger på «Domra» frå Wikipedia på svensk, den 21. august 2020.
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads