Ballad of Easy Rider

From Wikipedia, the free encyclopedia

Remove ads

«Ballad of Easy Rider» er ein song skriven av Roger McGuinn med hjelp frå Bob Dylan (sjølv Dylan ikkje er nemnd som medlåtskrivar) for filmen Easy Rider frå 1969.[1] Songen kom første gong ut i august 1969 på filmmusikkalbumet til Easy Rider som eit solospor av Roger McGuinn.[2] Ei nyinnspelt utgåve vart sida spelt inn av bandet til McGuinn, The Byrds og gjeven ut på singel i oktober 1969.[3][4] Byrds-singelen nådde 65. plass på den amerikanske singellista.[5][6] Redaktøren i Rolling Stone David Fricke har sagt at songen fanga den sosiale stemninga på slutten av 1969 på ein perfekt måte.[7]

Meir informasjon B-side, Låtskrivar(ar) ...
Remove ads

Andre utgåver

«Ballad of Easy Rider» vart òg spelt inn av det britiske folkrockbandet Fairport Convention og versjonen deira av songen vart gjeven ut som bonusspor på 2003-utgåva av albumet deira Unhalfbricking frå 1969.[8] Vise- og bluessongaren Odetta spelte òg inn ei utgåve av songen i 1969. Andre artistar som har spelt songen er Percy Faith, Bruce Springsteen, Tom Petty and the Heartbreakers, Grant McLennan og Kathryn Williams

Remove ads

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads