Balladeopera
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Balladeopera eller balladefarse (engelsk ballad opera) er ei sjangernemning for eit burlesk og satirisk engelsk musikkteater på 1700-talet.[1]

Balladeopera var strukturert på same måte som italiensk opera frå denne tida, men med tala dialogar i staden for resitativ og musikk som stort sett bestod av enkle, folkelege melodiar. Som i syngespel blei tyngre verk frå teater og musikkscener håna og parodierte. Det første nemneverdige eksempelet på sjageren er The Gentle Shepherd (1725) av Allan Ramsay, medan det definitive høgdepunktet var den kjende Tiggeroperaen (The Beggar's Opera) av John Gay frå 1728. Balladeopera var ei populær underhaldningsform i London i rundt 25 år. Det siste nemneverdige eksemplet er The Duenna av Richard Sheridan frå 1775, men då var stordomstida til sjangeren forlengst forbi. Tiggeroperaen er det einaste eksemplet på denne ein gong så blømande sjangeren som framleis vert spelt.
Balladeopera kan sjåast på som ein kritisk reaksjon på det framande språket, oppstylta dialogar på resitativform og urealistiske handlinga i italiensk opera. Medan den italienske operaen nærast var reservert eit publikum frå dei øvre sosiale laga, klarte den nye sjangeren òg å lokka under- og mellomsjiktane til musikkteatera. Suksessen fortrengde den italienske operaen og bidrog til at til dømes Georg Friedrich Händel ikkje skreiv fleire operaer etter 1741.
Remove ads
Kjelder
Litteratur
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads