Tiggeroperaen

From Wikipedia, the free encyclopedia

Tiggeroperaen
Remove ads

Tiggaroperaen (engelsk The Beggar's Opera) er ein satirisk balladeopera skriven i 1728 av John Gay.[1] Musikken av Johann Christoph Pepusch[2] byggjer for det meste på populære, folkelege melodiar frå samtida, som balladar, opera-ariar, salmar og folkemusikk. Stykket var eit vasskilje i det britiske dramaet på 1700-talet og er det einaste dømet av den ein gong så blomstrande sjangeren balladeopera som framleis blir i dag sette opp. Balladeopera var satiriske musikkspel, eller farsar med innslag av musikk og dans, som nytta konvensjonane til operaen, men utan resitativet frå denne.[3][4]

Kjappe fakta Forfattar(ar), Språk ...

Målet for satiren var mellom anna den leiande politikaren Robert Walpole, og den notorisk kriminelle Jonathan Wild. Operaen handlar òg om sosial urettvise i stor skala, i hovudsak ved å samanlikna «lågklasseborgere» som tjuvar og horer med dei aristokratiske motpartane deira.

Nøyaktig 200 år seinare, i 1928, skreiv Bertolt Brecht (ord) og Kurt Weill (musikk) ein musikal basert på Tiggeroperaen kalla Tolvskillingsoperaen.[5]

Stykket er gjendikta til norsk av André Bjerke.[6]

Remove ads

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads