Banjul

From Wikipedia, the free encyclopedia

Banjul
Remove ads

Banjul er hovudstaden i Gambia og ligg på øya St. Mary's Island der Gambiaelva renn ut i Atlanterhavet. Byen er ein av dei minste hovudstadene i Afrika, og blir ofte kalla ein diger landsby. I 2014 hadde han eit estimert folketal på 489 000.[1] Den største byen og det økonomiske senteret i landet er Serekunda.

Kjappe fakta Land, Areal ...

St. Mary's Island ligg mindre enn 1 meter over havet. Delar av byen er dermed utsette for flaum og havstiging.[2]

Remove ads

Historie

Britane grunnla byen i 1816 som ein handelsstasjon og eit utgangspunkt for å nedkjempa slavehandelen.[3] Dei gav han namnet «Bathurst» etter Henry Bathurst, som var britisk minister for koloniane. Namnet blei endra til Banjul i 1973.[3]

Kommunikasjon

Banjul er den einaste hamnebyen i landet. Saman med peanøttprodukt, som er hovudeksportvara til Gambia, blir òg andre varer som bivoks, palmeolje, palmetrevyrke og dyreskinn frakta ut frå byen. Banjul har òg ein internasjonal flyplass i Yundum, 30 km sørvest for byen.[3]

Byen har samband med det indre av landet og med Senegal via ei ferje som kryssar Gambiaelva til Barra, og av motorvegen Banjul-Serekunda Highway. Det går også ferje til Basse Santa Su opp Gambiaelva.[3]

Remove ads

Monument

Thumb
Arch 22, Tjuetobogen, er inngangen til Banjul.

Arch 22, Tjuetobogen, er porten til Banjul og bygd til minne om militærkuppet som skjedde den 22. juli 1994. Den boga porten er 35 meter høg og står midt på ein open plass som òg er ein del av monumentet.

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads