Bantry
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Bantry (irsk Beanntraí, «(stad for) Beanns folk») er ein by i Kilmocomoge i baroniet Bantry i County Cork på sørvestkysten av Irland. Byen ligg inst i bukta Bantry Bay. Det ligg i West Cork i spissen av Bantry Bay, ei djupvassbukt som strekkjer seg 30 km mot vest. Bearahalvøya ligg i nordvest, med halvøya Sheep's Head i sørvest. Byen ligg langs riksvegen N71. I følgje folketeljinga frå 2016 har byen 2 722 innbyggjarar.[1]
Byen har eit stort torg i sentrum som delvis er danna gjennom utfylling av den grunne indre hamna. I tidlegare tider hadde dette plass til vanlege fesjå; etter modernisering som eit urbant torg, har det no ein vekevis marknad og sporadiske offentlege tilstellingar. To pirar vernar om hamna.
Remove ads
Historie
Som med andre område på sørvestkysten av Irland, hevdar Bantry ei eldgammal tilknyting til helgenen Brendan sjøfararen (Naomh Bréanainn) på 500-talet. Irske segner hevdar at sankt Brendan var den fyrste europearen som oppdaga Amerika. Vest for byen ligg kyrkjegarden som markerer staden for eit kloster som tilhøyrde fransiskanarordenen frå 1400-talet, men som det ikkje er noko att av.[2]
I tidlegare hundreår var Bantry ein base for store fiskeri av sardin og blei vitja av fiskeflåtar frå Spania, Frankrike og Nederland.[3] Han var framleis ein svært liten by i 1689 då han vart beskriven av den jakobittiske hæroffiseren og framtidige forfattaren John Stevens (1689) som «ein elendig fattig stad, neppe verd namnet by», beståande av «sju eller åtte små hus, og nokon meiner små hytter».[4] Bantry var staden der den jakobittiske hæren gjorde landgang for deretter å marsjera gjennom Cork og delta i slaga ved Boyne og Aughrim, og omleiringa av Limerick.[5]
Wolfe Tone Square i byen er kalla opp etter Theobald Wolfe Tone, ein leiar under det irske opprøret i 1798. I forkant av opprøret leidde den Dublin-fødde Tone dei republikanske United Irishmen i det han hadde håpa ville vera ei lokal gjenoppføring av den franske revolusjonen som nyleg hadde funne stad. Dette skulle oppnåast ved hjelp av franske republikanarar i å styrta det britiske styret av Irland. Den skjebnesvangre franske invasjonsflåten, kjend som den franske ekspedisjonen til Irland, kom til området i 1796, men blei hindra av ugunstige vindar.[6] For innsatsen sin med å førebu det lokale forsvaret mot franskmennene blei Richard White, ein lokal grunneigar, gjort til baron i det nye baroniet Bantry i 1797 av ein takksam britisk administrasjon.[7] Han blei opphøga til vicomte i 1800, og i 1816 blei han den fyrste jarlen av Bantry. Herskapshuset og hagane i Bantry House demesne i utkanten av byen vitnar om statusen til familien.[8]
Under den irske frigjeringskrigen var 5. og 3 brigade Cork av den irske republikanske hæren aktive i Bantry, og nokre medlemmer heldt der fram med å vere under borgarkrigen som følgde. Aksjonar frå britiske styrkar var mellom anna straffande brannbombing av fleire bygningar i byen. Namna på dei som døydde mellom 1920 og 1923 «I forsvar av republikken» er oppført på veggen til det tidlegare tinghuset på Wolfe Tone Square.

Øya Whiddy Island ligg i ly for bukta. Ho husa tidlegare ein stor oljeterminal som var eigd av Gulf Oil. 8. januar 1979 eksploderte oljetankaren «Betelgeuse» og drap alle 42 besetningsmedlemmene, i tillegg til sju tilsette ved terminalen. Kaien blei alvorleg skadd, men lagertankane blei ikkje påverka. Likevel mista 250 tilsette ved terminalen, ein av dei største arbeidsgivarane i regionen, jobben. Det var også ein stor miljøpåverknad og den lokale fiskeindustrien blei ramma.[9] Lokale interesser sette så i gang blåskjeloppdrett i det skjerma farvatnet mellom Whiddy og byen.[10]
I 1986 overgav Gulf Oil leigekontrakten sin på staden til dei irske styresmaktene. Statlege investeringar på 1990-talet restaurerte ein del av terminalen, og den irske regjeringa sørga for at det blei lagra olje der under den fyrste golfkrigen i tilfelle avbrot i oljeforsyninga. For tida huser han ein tredel av den nasjonale strategiske petroleumsreserven. Anlegget gjekk ut av statleg eigarskap i 2001 med atterhald om at det skulle vera i drift i minst 15 år. Det har sidan vore eigd og drive av dei amerikanske oljeselskapa Tosco Corporation, ConocoPhillips, Phillips 66 og Zenith Energy Partners. Ved oppkjøpet av Zenith Energy Partners sysselsette anlegget 30 personar og støtta opptil 100 entreprenørar. Det har ein lagringskapasitet på meir enn åtte millionar fat råolje og raffinerte produkt. Terminalen såg ein nedgang i oljetrafikken på 15 % i løpet av 2015, ifølgje tal gitt ut av Port of Cork som driv Bantry Bay-hamna.[11][12]
- Statue av St. Brendan sjøfareren i Bantry.
- Minneplate etter Den irske uavhengighetskrigen.
- Dette møllehjulet utanfor biblioteket i Bantry står med utsikt over det største torget i byen.
Remove ads
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads