Slaget ved Aughrim

From Wikipedia, the free encyclopedia

Slaget ved Aughrim
Remove ads

Slaget ved Aughrim var det avgjerande slaget i den vilhelminske krigen i Irland. Det vart utkjempa mellom jakobittane og styrkane til Vilhelm III den 22. juli 1691 nær landsbyen Aughrim i County Galway.

Kjappe fakta Dato, Stad ...
Kjappe fakta

Slaget var eit av dei blodigaste som vart utkjempa på irsk jord over 7 000 menneske mista livet. Slaget avslutta meir eller mindre jakobitismen i Irland, sjølv om byen Limerick heldt ut fram til hausten 1691.

Remove ads

Felttoget

Jakobittane var på defensiven sommaren 1691.[3] Året før hadde dei trekte seg attende til andre sida av Shannonelva, som fungerte som ei svær vollgrav kring provinsen Connacht, med skansar i Sligo, Athlone og Limerick som oversåg rutene inn i Connacht. Frå denne stillinga håpte jakobittane på militærstøtte frå Ludvig XIV av Frankrike via hamnebyane og eventuelt kome attende i ei stilling der dei kunne gjenerobre resten av Irland.

Godert de Ginkell, den nederlandske generalen til vilhelmittane, hadde brote gjennom forsvarslinja ved å krysse Shannon ved Athlone - og tok byen etter eit blodig slag. Marquis de St Ruth (general Charles Chalmont), den franske generalen til jakobittane, flytta seg for tregt til å redde Athlone, sidan han måtte samle soldatane frå leirane deira og setje saman ein ny arme av røvarbandar og irske landeigarar. Ginkel marsjerte gjennom Ballinasloe, på hovudvegen mellom Limerick og Galway, før han fann vegen blokkert av armeen til St. Ruth ved Aughrim den 22. juli 1691. Begge armeane hadde kring 20 000 mann. Soldatane til St Ruth var hovudsakleg irske katolikkar, medan Ginkel hadde engelskmenn, skottar, danskar, nederlendarar og franske hugenottar, samt protestantar frå Ulster.

Jakobittane hadde ei ganske sterk stilling ved Aughrim. St Ruth hadde sett opp infanteriet sitt på ryggen av Kilcommadan Hill. Åsen var kringsett av små steinmurar og hekkar mellom jorda til bøndene. Til venstre for seg var ei myr, med ei vegfylling over og på den andre ei open slette, der St Ruth sette ut det beste infanteriet sitt under hans nestkommanderande, chevalier de Tessé, og det meste av kavaleriet sitt under Patrick Sarsfield.

Remove ads

Slaget

Slaget starta med ag Ginkel prøvde å angripe den opne flanken til jakobittane med kavaleri og infanteri. Fleire jakobinske motåtak stoppa dette åtaket og vilhelmittane grave seg ned bak stakar drivne ned i bakken for å verne seg mot kavaleristane. Dei franske hugenottane låg dårleg til og tok imot store tap. I senteret prøvde det vilhelminske infanteriet Hugh Mackay fleire frontalåtak mot det jakobinske infanteriet på Kilcommadan Hill. Etter harde kampar vart det vilhelminske åtaket driven attende av kavaleriet med store tap, og dei vart forfølgd ut i myra, der dei fleste av dei vart drepne eller drukna.

Ginkel hadde no berre eit val att, å prøvde å tvinge seg over vegfyllinga på den jakobinske venstreflanken, over myra. Dette burde ha vore ei umogeleg oppgåve, men dei irske soldatane hadde lite ammunisjon att. Mackay retta det fjerde åtaket, som hovudsakleg bestod av kavaleristar, i to grupper, ei langs vegfyllinga og ei parallelle til denne lenger sør. Jakobittane stoppa dett åtaket med kraftig eld frå slottet som stod her, men fann så ut at reserveammunisjonen, som var laga av britane, ikkje passa inn i dei franke muskettane deira. Vilhelmittane gjekk så til åtak med det forholdsvis utkvilte engelsk-nederlandske kavaleriet under Henri de Massue. Møtt av berre svak musketteld, kryssa dei vegfyllinga og nådde Aughrim med berre små tap. Eit jakobinsk kavaleri hadde vorte halde i reserve under Henry Luttrell for å dekkje denne flanken. I staden for å gå til motåtak gav kommandanten dei ordre om å trekkje seg attende. Henry Luttrell vart skulda for å ha blitt muta av vilhelmittane og avretta i Dublin etter krigen. Slottet fall raskt den jakobinske garnisonen overgav seg.[4]:f238

Den jakobinske generalen Marquis de St Ruth skal etter eit tredje infanteriåtak mot dei vilhelminske stilliingane trudd at slaget framleis kunne vinnast og ropte «dei flyktar, me skal jage dei attende til portane i Dublin». Då han prøvde å samle kavaleriet for eit nytt motåtak og drive det vilhelminske kavaleriet attende, vart han halshogd av ei kanonkule. Etter dette kollapsa den jakobinske stillinga raskt. Kavaleriet deira var demoralisert av tapet av kommandanten deira og flykta frå slagmarka. Jakobittane på høgreflanken såg kvar det bar hen og starta å trekkje seg attende. Dette etterlet det jakobinske infanteriet på Killcommadan Hill totalt uverna og kringsett. Dei vart slakta ned av det vilhelminske kavaleriet då dei prøvde å kome seg unna, mange av dei hadde kasta våpenet for å kunne springe raskare.

Remove ads

Etterverknad

Det er estimert at kring 7 000 mann mista livet i slaget. Mange av dei døde jakobittane var offiserar, som var særs vanskeleg å erstatte. I tillegg til var det 4 000 jakobittar som deserterte eller vart tekne til fange, og dei hadde mista det meste av utstyret og forsyningane sine.

Aughrim var derfor det avgjerande slaget i den vilhelminske krigen i Irland. Byen Galway overgav seg utan kamp etter slaget og den jakobittiske hovudarmen overgav seg ved Limerick etter ei kort omleiring.

Sjå òg

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads