Basel-Stadt
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Basel-Stadt er ein kanton i det nordvestlege Sveits. Kantonen har eit areal på 137 km² og har 200 000 innbyggarar i 2021. Han er den minste kantonen, og den med største folketettleiken. Byen Basel er hovudstaden i kantonen.
Remove ads
Remove ads
Geografi


Kantonen ligg på begge sider av Rhinen. Han grensar i vest mot regionen Alsace i Frankrike og i aust mot delstaten Baden-Württemberg i Tyskland. I sør grensar han mot kantonen Basel-Landschaft.
Språk og samfunn
Tysk er både skriftspråk og talemål i kantonen. 30,3% av innbyggarane er utanlandske statsborgarar, der italienarar med sine 5,3% er den største gruppa. Av dei sveitsiske statsborgarane er høvesvis 27% og 25% protestantar og romersk-katolske.
Kommunar
Basel-Stadt består av tre kommunar: Basel, Bettingen og Riehen.
Remove ads
Historie
Basel-Landschaft gjekk inn i det sveitsiske eidsforbundet i 1501. Inntil 1833 utgjorde Basel-Stadt saman med Basel-Landschaft kantonen Basel. Dei to kantonane vart omtala som «halvkantonar» fram til 1999, då dette omgrepet vart fjerna frå den sveitsiske grunnlova. Basel-Landschaft er like autonom som alle andre kantonane, men kantonen har berre éi røyst i Sveits sitt stenderråd, medan dei fleste andre kantonane har to røyster.
Remove ads
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads