Riehen

From Wikipedia, the free encyclopedia

Riehenmap
Remove ads

Riehen er ein kommune i kantonen Basel-Stadt i Sveits. Kommunen har 20 839 innbyggjarar (2011) og eit areal på 11 km². Kommunesenteret ligg 278 meter over havet. I lag med byen Basel og Bettingen er Riehen ein av tre kommunar i kantonen. Riehen grensar i nord, nordaust, og litt i sør, til Tyskland.

Meir informasjon Plassering, Styresmakter ...

Galleriet Fondation Beyeler, eit leiketøymuseum og kyrkja St. Martin er dei fremste turistmåla.

Remove ads

Historie

Namnet Riehen vert skriftfest første gongen i 1113. I 1270 låg Riehen under fyrstebiskopsdømet Basel. Tida 1444-46 vart Riehen, som etterverknad av slaget ved St. Jakob an der Birs, plyndra og brannherja. Åra 1490-93, Kappeler Fehde, vart landsbyen plyndra på ny. År 1522 kom Riehen i byen Basel si eige, og i 1528 vart staden omfatta av reformasjonen.

I 1833 vart kantonen Basel delt, etter den såkalla Basler Kantonstrennung. Riehen hamna i Basel-Stadt, saman med den mindre grannekommunen Bettingen.

Under andre verdskrigen flytta mange, forbigåande, til dei indre delane av Sveits. År 1958 innførte Riehen, som den første kommunen i Sveits, røysterett for kvinner i lokalval.

Remove ads

Kjelder

Bakgrunnsstoff


Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads