Batyskaf

From Wikipedia, the free encyclopedia

Batyskaf
Remove ads

Ein batyskaf eller eit djupvasskip er ein ubåtliknande, sjølvgåande djupvassfarkost som består av ein kabin tilsvarande ein batysfære festa under ein tank fylt med væske som til dømes bensin.

Thumb
USS «Trieste»
Thumb
USS «Trieste» rett før rekorddykket i Marianergropa

Auguste Piccard, som fann opp den første batyskafen, konstruerte namnet batyskaf av dei greske orda βάθος (bathys), «djupn» og σκάφος (skaphos), «skip».

Den første batyskafen var «FNRS-2», bygd i Belgia av Piccard. Batteridrivne, elektriske motorar sørgde for framdrifta.

Den andre batyskafen til Piccard var «Trieste», som vart kjøpt av den amerikanske marinen i 1957. I 1960 sette «Trieste» ein uslåeleg verdsrekord ved å dykke ned til botnen av Challengerdjupet, det djupaste punktet i Marianegropa, som blir rekna for å vere det djupaste punktet i verdshava.

Remove ads

Sjå òg

Kjelder

Bakgrunnsstoff


Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads