Auguste Piccard
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Auguste Antoine Piccard (28. januar 1884–24. mars 1962) var ein sveitsisk forskar og oppfinnar. I 1953 konstruerte han batyskaf, eit undervassfartøy som sonen hans, nokre år seinare, skulle bruke til å dykke til botnen av Marianegropa med.[1] Tidlegare dreiv han meteorologiske observasjonar ved hjelp av sine mange ballongferder.
Piccard utdanna seg ved det føderale instituttet for teknologi i Zürich og vart fysikar ved Det frie universitetet i Brussel i 1922. I 1930 konstruerte han aluminiumgondolen som tok av frå Augsburg i Tyskland 27. mai 1931 og brakte han og Paul Kipfer opp til 15 781 meters høgd i atmosfæren for å måle kosmisk stråling. Den 18. august 1932 nådde Piccard og Max Cosyns 16 940 meter frå Dübendorf i Sveits. Piccard gjennomførte 27 ballongferder, helt opp til 23 000 meter. Etter andre verdskrig byrja han med djupdykking. I 1953 gjekk han ned til 3150 meter med gondolen Bathyscaphe Trieste.
Piccard sine ballongferder har vore særs viktig for meteorologifaget.[2] Han var professor i fysikk og meteorologi, og det var interessa for kosmisk stråling som brakte han opp i stratosfæren.[2] Piccard var eit multitalent og engasjerte seg seinare i havforsking. Erfaringane frå ballongferda brukte han no til å dykke ned i havdjupet.[2]
Han var far til forskaren Jacques Piccard og tvillingbror til kjemikaren Jean Piccard.
Remove ads
Piccard i populærkulturen
Piccard var inspirasjonskjelde for figuren Professor Calculus (i Noreg kjent under namnet Professor Tryphon Tournesol), som er ein av gjennomgangsfigurane i den belgiske teikneserien Tintin.[3] Han var òg inspirasjonskjelde (saman med tvillingbroren) for Star Trek-figuren Jean-Luc Picard.[4][5]
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads