Be'er Ya'akov
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Be'er Ya'akov (hebraisk skrift בְּאֵר יַעֲקֹב, tyder Jakobsbrunnen) er ein by med status som lokal kommune sentralt i Israel, nær Ness Ziona og Rishon Lezion.
Be'er Ya'akov har eit areal på 8.6 km².[2] I desember 2006 hadde han eit folketal på 9 400.[1] Be'er Ya'akov vart grunnlagd i 1907 av jødiske emigrantar frå Dagestan. I 1947 hadde han eit folketal på 400.[3] Byen fekk lokal kommunestatus i 1949.
Be'er Ya'akov er kalla opp etter Ya'akov Yitzhaki, ein rabbi og jødisk pioner.[4]
Under den israelsk-arabiske krigen i 1948 og fram til den israelske erobringa av Ramla i juli 1948, låg Be'er Ya'akov i frontlinja. Folkesetnaden på den tida vart evakuert og ein ny busetjing, Be'er Shalom, vart danna av medlemmar av kibbutz Buchenwald, den første pionergruppa som vart danna i Tyskland etter andre verdskrigen.[3]
Remove ads
Idrett
- Maccabi Be'er Ya'akov er det lokale fotballaget.
- Maccabi Be'er Ya'akov BC er det lokale basketball-laget, og spelar på det andre nivået i Israel.
Kjelder
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads