Dagestan

From Wikipedia, the free encyclopedia

Dagestan
Remove ads

Dagestan[a] er ein republikk i Russland og eit av føderasjonssubjekta i den russiske føderasjonen. Hovudstaden er Makhatsjkala, arealet er 50 300 km² og innbyggjartalet 2 977 400 (2010). Dagestan ligg ved kysten av Kaspihavet, og grensar til Aserbajdsjan og Georgia i sør.

Kjappe fakta Land, Region ...

Dagestan har dei siste åra vore prega av uro som fylgje av krigen i naborepublikken i vest, Tsjetsjenia. I 1999 vart republikken invadert av opprørsstyrkar frå Tsjetsjenia som freista å oppretta ein islamsk stat i Dagestan. Opprørarane vart drivne ut etter regulære krigshandlingar med russiske styrkar. Dette vart starten på den andre krigen i Tsjetsjenia.

Utover 2000-talet spreidde den politiske uroa i Nord-Kaukasus seg meir og meir frå Tsjetsjenia til dei andre republikkane i området. Ifølgje rapportar i media vart det i 2010 gjennomført 112 terrorhandlingar i Dagestan, og desse førte til 68 dødsfall og minst 195 skadde personar. Fem av desse terrorhandlingane vart utført av sjølvmordsbombarar.[3]

Remove ads

Folkesetnad

Dei største byane er Makhatsjkala (572 100 ibuarar), Khasavjurt (131 200), Derbent (119 200) og Kaspijsk (100 100).[4]

Dagestan er den mest etnisk samansette regionen i Russland, og ingen folkegrupper utgjer meir enn 30 % av folket. Ved folketeljinga i 2002 var den etniske samansetjinga:[4]

  • Avarar: 29,2 %
  • Darginar: 16,9 %
  • Kumykar: 14,8 %
  • Lezginar: 13,2 %
  • Lakar: 5,5 %
  • Tabasaranar: 4,1 %
  • Aserbajdsjanarar: 4,5 %
  • Russarar: 3,6 %
  • Tsjetsjenarar: 3,2 %
  • Nogaiar: 1,4 %
  • Agular: 1,0 %
  • Rutular: 1,0 %
  • Tsakhurar: 0,3 %

Dei fleste folkegruppene i Dagestan er tradisjonelt muslimar.

I motsetning til i Russland som heilskap går folketalet i Dagestan opp. Det auka med 30 % frå 1989 til 2005. Andelen etniske russarar vart om lag halvert i den same perioden, frå 9,2 % i 1989. I tida mellom folketeljingane i 2002 og 2010 var Dagestan det føderasjonssubjektet i Russland som hadde sterkast folkeauke, med 15,6 %. Samstundes hadde Dagestan lågast levestandard av alle føderasjonssubjekta.

Remove ads

Merknader

  1. russisk Республика Дагестан Respublika Dagestan

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads