Ramla

From Wikipedia, the free encyclopedia

Ramla
Remove ads

Ramla (hebraisk skrift רַמְלָה, Ramlāh; arabisk الرملة, ar-Ramlah; òg kalla Ramle, Ramlah,[2] Remle og stundom Rama) er ein by i det sentrale Israel. Byen er hovudsakleg jødisk med ein større arabisk minoritet. Ramla vart grunnlagd kring år 705–715 av omajade-kalifen Sulayman ibn Abd al-Malik. Somme forskarar meiner at byen vart bygd nær ruinane av den antikke byen Gath, basert på ei jødisk soge frå mellomalderen.[3] Ramla låg ved krysset mellom vegen Via Maris, som gjekk frå det gamle Kairo (Fustat) til Damaskus, og vegen som gjekk frå hamnebyen Jaffa og Jerusalem.[4]

Kjappe fakta Land, Distrikt ...

Han vart erobra mange gonger i historia, av abbasidane, ikhshisidane, fatimidane, seldsjukkane, krossfararane, mamelukkane, osmanarane, britane og til slutt israelarane. Etter Svartedauden i 1347, som kraftig reduserte folketalet, vart det oppretta ein orden av fransiskanarmunkar i byen.[5] Under arabarane og osmansk styre vart byen eit viktig handelssenter. Den franske armeen til Napoleon okkuperte byen i 1799 på veg til Akko.

Dei fleste av dei arabiske innbyggjarane i byen vart drivne ut eller flykta under den arabisk-israelske krigen i 1948, medan andre vart verande att i byen. Byen vart så folkesett med jødiske immigrantar. I 2001 var 80 % av folkesetnaden jødiske, medan 20 % var arabarar (16 % arabiske muslimar og 4 % arabiske kristne).

I nyare år er det gjort forsøk på å utvikle byen og gjere han vakrare, etter at han vart plaga av vanstell, økonomiske problem og eit negativt syn hos ålmenta. Det er bygd nye kjøpesenter og offentlege parkar, og det opna eit kommunemuseum i 2001.[6]

I dag er det fem fengsel i Ramla, inkludert høgtryggleiksfengselet Ayalon fengsel.

Remove ads

Historie

Tidleg historie

I følgje den arabiske geografen Ya'qubi på 800-talet vart ar-Ramleh (Ramla) grunnlagd i 716 av kalifen Sulayman ibn Abd al-Malik, og namnet kjem frå det arabiske ordet Raml (رمل), som tyder 'sand'. Dei første innbyggjarane kom frå den nærliggande Ludd (Lydda, Lod). Ramla blømde som hovudstaden i Jund Filastin, som var eit av fem distrikt i ash-Sham (syriske) provins i riket til omajadane og abbasidane. På 700-talet bygde omajadane Den kvite moskéen. Ramla var den viktigaste byen og distriktshovudstad fram til krossfararane kom på 1000-talet.[7] Den kvite moskéen i Ramla vart hylla som den finaste i landet, utafor Jerusalem. Restane av denne moskeen, med ein minaret som vart bygd seinare, finst framleis i dag. På plassen føre moskeen finst det undergrunnscisterner frå denne perioden.[8]

Geografen el-Muqadasi («Jerusalemitten») skildra Ramla då han var på det mest velståande: «Det er ein vakker by, og godt bygd. Her er rikeleg med vatn og mykje frukt. Han utnyttar å vere sentrum av ei rekkje vakre landsbyar og herskaplege byar, nær dei heilage stadane og behagelege grender. Handelen er velståande og marknadene er glimrande. [...] Brødet er av det beste og kvitaste. Landområda er betre likt enn mange andre og frukta er av den søtaste. Hovudstaden står på ei fruktbar slette, med bymurar og mange herberge».[9]

Den økonomiske stillinga til Ramla, som han delte med nabobyen Lydda, kom av den strategiske plasseringa. Ramla låg ved kryssinga mellom to store vegar, ein som knytte Egypt til Syria og den andre mellom Jerusalem og kysten.[10]

I dei tidlege åra til krossfararstaten kongedømet Jerusalem, førte kontroll over denne strategiske plasseringa til tre slag på rad mellom krossfararane og egyptiske armear frå Ascalon. Då krossfararane fekk kontroll over området, vart Ramla sete i eit lensherrevelde i kongedømet Jerusalem (herredømet Ramla i grevskapet Jaffa og Ascalon). Byen var noko økonomisk viktig og ein viktig stoppestad for pilegrimar på veg til Jerusalem. Krossfararane identifiserte han som den bibelske Ramathaim og kalla han Arimathea.[11]

Thumb
Ramla

Kring 1163 vitja rabbien Benjamin frå Tudela «Rama, eller Ramleh, der det ligg ruinar av veggar frå dagane til forfedrane våre, for slik står det skrive på steinane. Kring 300 jødar bur der. Han var tidlegare ein særs storslått by, og 3 km frå byen ligg ein stor jødisk gravplass.»[12] Han skreiv at krossfararane hadde funne beina til Samuel, ein profet i Bibelen, nær ei jødisk synagoge i Ramla og «flytta dei til Shiloh, og reiste ei stor kyrkje over dei, kalla St. Samuel av Shiloh».[12] Denne staden er identifisert som Nebi Samuel oppom Jerusalem.[12]

Ramla vart stundom kalla Filastin, då det var vanleg å referere til distrikta med namn etter hovudbyen i distriktet.[13] Ein trur at den antikke byen Gath, som høyrte til filistrane, vart bygd her.[14]

Jordskjelv

Byen vart fleire gonger hardt råka av jordskjelv i 715, 1033, 1068, 1546 og 1927.

Moderne historie

Thumb
Ramleh, av Félix Bonfils, før 1885.

I den tidlege osmanske perioden var Ramla ein fråflytta by med få innbyggjarar. I 1548 budde det 528 muslimske familiar og 82 kristne familiar der.[15] Den 2. mars 1799 okkuperte Napoleon Bonaparte Ramla i eit mislukka forsøk på å erobre Palestina, og nytta det fransiskanske herberget som hovudkvarteret sitt.[16] Utvidinga byrja først mot slutten av 1800-talet.[17] Under Det britiske mandatet voks folketalet jamt, og nådde 12 000 muslimar og 3 300 kristne i 1945.[18]

Ramla vart knytt til straumnettverket (av det sionist-eigde Palestine Electric Company) mot slutten av 1920-åra.[19]

Sjølv om Ramla hovudsakleg var ein arabisk by, hadde eit lite jødisk samfunn fram til arabaropprøra i 1936–1939[20][21] Sjeik Mustafa Khairi var borgarmeister i Ramla frå 1920 til 1947.[22] Folketeljinga i 1945/46 gav eit folketal i 'Ramle' på 15 160. Av desse var 11 900 muslimar og 3 260 kristne.[23]

Thumb
Ramla

Ramla var ein del av territoriet som var meint for ein arabsik stat i delingsplanen til SN frå 1947.[24] Men den geografiske plasseringa og den strategiske posisjonen til Ramla langs hovudforsyningsruta til Jerusalem gjorde at han vart utsett for kampar under den arabisk-israelske krigen i 1948. Ei bombe av den jødiske militsen Irgun gjekk av på ein marknad i Ramla den 18. februar 1948 og tok livet av sju innbyggjarar, medan 45 vart skadde.[25][26] Etter fleire mislukka raid mot Ramla, sette det israelske forsvaret i gang Operasjon Dani. Ramla vart kapra den 12. juli 1948, eit par daget etter erobringa av Lydda. Den arabiske mostanden overgav seg 12. juli[27] og dei fleste innbyggjarane som var att vart drivne bort etter ordre frå David Ben-Gurion.[28] Etter den israelske erobringa, vart kring tusen arabarar verande att i Ramla, og fleire vart overførte til byen av det israelske forsvaret frå kringliggande arabiske busetnader, som militæret ønskte tømt.

Dei arabiske bustadane som vart fråflytta i Ramla, vart gjevne av dei israelske styresmaktene til jødiske immigrantar som kom til landet på den tida. I februar 1949 var den jødiske folkesetnaden i byen på over 6 000. Ramla var i økonomisk nedgang dei neste to tiåra, medan folketalet stadig auka, og nådde 34 000 i 1972.[29]

I 1960-åra var Ramla kjend for kinosalane og det yrande nattelivet, som seinare vart flytta til Tel Aviv.

Remove ads

Landemerke og kjende bygningar

Thumb
Ramlatårnet, bygd på 1200-talet.

Ramlatårnet, òg kalla Det kvite tårnet, vart bygd på 1200-talet. Det tente som minaret for Den kvite moskéen (al-Masjid al-Abyad) reist av kalifen Suleiman på 700-talet, som det berre finst restar av i dag.[30] Tårnet er seks etasjar høgt med ei spiraltrapp på 119 trinn.[31]

Herberget St. Nicodemus og St. Josef av Arimathea langs hovudgata i Ramla, Herzlgata, er lett synleg med det firkanta tårnet med klokke på framsida. Det er ein del av den fransiskanske kyrkja. Napoleon brukte dette herberget som hovudkvarteret sitt under Palestinafelttoget i 1799.

Ramla musem ligg i det tidlegare kommunehuset til dei britiske mandatstyresmaktene. Bygningen frå 1922 har element av arabisk arkitektur, som boga vindauge og flisegolv med mønster. Etter 1948 var bygningen det sentrale distriktskontoret til det israelske finansdepartmenetet. I 2001 vart bygningen eit museum som dokumenterer historia til Ramla.[32]

Bogebassenga er cisterner under jorda som i dag vert restaurerte. St. Helen-bassenget og Bīr al-Anezīya vart bygd under regjeringstida til kalifen Haroun al-Rashid i 789 (tidleg islamsk tid) for å forsyne Ramla med vatn.[33]

I mai 2006 vart det oppdaga ei grotte med hittil ukjende virveldyr nær Ramla. Grotta består av fleire hallar i forskjellige nivå og er 2,7 km lang, den nest lengste kalksteinsgrotta som er funnen i Israel.[34] Her vart det mellom anna funne ein skorpion utan auge.[35]

Remove ads

Venskapsbyar

Ramla er venskapsby med:

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads