Be Quick or Be Dead

From Wikipedia, the free encyclopedia

Remove ads

«Be Quick or Be Dead» er ein song av det engelske heavy metal-bandet Iron Maiden, gjeven ut som den første singelen frå albumet Fear of the Dark frå 1992.[2]

Meir informasjon B-side, Låtskrivar(ar) ...
Remove ads

Oversyn

Songen handlar om fleire politiske skandalar som fann stad på denne tida, inkludert bankskandalen med Robert Maxwell, kræsjet i den europeiske aksjemarknaden og BCCI-saka. Singelen kom ut ein månad før albumet og nådde andreplassen på den britiske singellista. Songen er kjappare og tyngre enn dei fleste Iron Maiden-songane, og var den første singelen til bandet som var skriven i lag med Janick Gers.

B-sida består av to offisielle songar og eit løynd spor, inkludert ein original bluessong («Nodding Donkey Blues») og ein Montrose-song («Space Station No. 5»), og den ulista «Bayswater Ain't a Bad Place to Be».[2] Den siste er eit munnleg, komisk stykke av Bruce Dickinson (akkompagnert på akustisk gitar av Janick Gers) der han imiterer og gjer narr av Maiden-manageren Rod Smallwood.

Songen vart nytta i videospelet Carmageddon 2.

Remove ads

Innhald

  1. «Be Quick or Be Dead» (Bruce Dickinson, Janick Gers) – 3:24
  2. «Nodding Donkey Blues» (Iron Maiden) – 3:11
  3. «Space Station #5» (Montrose cover; Ronnie Montrose, Sammy Hagar) – 3:47
  4. «Bayswater Ain't a Bad Place to Be» (Dickinson, Gers) – 8:05 (løyndspor på tilfeldige britiske versjonar)[2]

Medverkande

Henta frå singelomslaget:[1][3]

Iron Maiden
Produksjon

Lister

Meir informasjon Liste (1992), Plassering ...

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads