Steve Harris
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Stephen Percy «Steve» Harris (fødd 12. mars 1956) er ein engelsk musikar og låtskrivar. Han er best kjend som bassist og den viktigaste låtskrivaren i det britiske heavy metal-bandet Iron Maiden. Han er det einaste medlemmmet i Iron Maiden som har vore med sidan starten i 1975, i lag med gitaristen Dave Murray.
Harris har ein gjenkjenneleg og populær spelestil på bassen, særleg den «galopperande» stilen som ein kan høyre på fleire Iron Maiden-songar, som singlane «Run to the Hills» og «The Trooper». I tillegg til å spele bass, skrive låtar og synge korvokal, har han hatt andre roller i gruppa, som å produsent og medprodusent, regissør for konsertvideoane deira, og spele klaverinstrument og synthesizerar i studio. Han har blitt omtalt som ein av dei beste heavy metal-bassistane.
Den 24. september 2012 gav Harris ut det første soloalbumet sitt, British Lion.
Remove ads
Tidleg liv
Harris var fødd i og voks opp i Leytonstone, der han ønskte å bli profesjonell fotballspelar.[1] Han vart oppdaga av Wally St Pier og fekk trene med West Ham United.[2] Tidleg i tenåra vart han interessert i rockemusikk, og forstod at han ikkje lenger ønskte å spele fotball.[2]
I starten ønskte Harris å spele trommer,[3] mmen hadde ikkje nok plass til eit trommesett heime og valde å spele bass i staden.[4] Han var heilt sjølvlært,[5] og den første bassen hans var ein kopi av ein Fender Precision-modell som kosta han £40 i 1971.[3]
Berre 10 månader etter han kjøpte den første bassen sin, vart Harris med i eit band, først kalla Influence og seinare Gypsy's Kiss, med Bob Verscoyle (solovokal), Dave Smith (gitar) og trommeslagaren Paul Sears.[6] Etter nokre få konsertar i Cart and Horses pub i Maryland Point i Stratford og the Bridgehouse i Canning Town,[7] vart bandet oppløyst og Harris prøvespelte for bandet Smiler i februar 1974.[8] Her byrja Harris å skrive sine eigne songar og arbeidde med dei framtidige Iron Maiden-medlemmane Dennis Wilcock og Doug Sampson,[9] men slutta i bandet då dei nekta å spele songane hans, som dei meinte var for kompliserte.[10]
Remove ads
Karriere
Iron Maiden
Etter han slutta i Smiler, starta Harris opp Iron Maiden på juledagen 1975.[10] Før Iron Maiden fekk kontrakt med EMI i 1979, arbeidde Harris som teknisk teiknar i East End of London fram til han vart overflødig. Han tok seg då jobb som gatefeiar.[11][12]
Frå starten av bandet var Harris den viktigaste låtskrivaren i bandet.[13] Songane hans hadde ofte ein galopperande bass, som ein kan høyre mykje på songar som «The Trooper» og «Run to the Hills»,[14][15] og taktendringar påverka av progressiv rock.[4][16] I seinare år har songane til Harris blitt meir progressive,[17][18] og gitaristen Adrian Smith har sagt at Harris no føretrekkjer «tekstar og melodiar og arrangering» for songane til dei andre medlemmane, i staden for å skrive aleine.[19] Harris har ofte skrive tekstar om mytologi, historie og tema inspirerte frå bøker og filmar, og reflekterer interessene sine og påverknaden til progressiv rock.[11][20][21]
Soloprosjekt
I september 2012 gav Harris ut det første soloalbumet sitt, British Lion.[22]
Remove ads
Diskografi

- Iron Maiden (1980)
- Killers (1981)
- The Number of the Beast (1982)
- Piece of Mind (1983)
- Powerslave (1984)
- Somewhere in Time (1986)
- Seventh Son of a Seventh Son (1988)
- No Prayer for the Dying (1990)
- Fear of the Dark (1992)
- The X Factor (1995)
- Virtual XI (1998)
- Brave New World (2000)
- Dance of Death (2003)
- A Matter of Life and Death (2006)
- The Final Frontier (2010)
- The Book of Souls (2015)
- Solo
- British Lion (2012)
- Lauren Harris
- Calm Before the Storm (2008)
- Deeds
- Blown (produsent, 2002)[23]}}
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads