Beck-Ola
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Beck-Ola er det andre studioalbumet til Jeff Beck, gjeve ut i 1969 i Storbritannia på Columbia Records og i USA på Epic Records. Albumet nådde 15. plassen på Billboard 200 og 39. plassen på den britiske albumlista.[2] Albumet er eit ordspel på namnet til jukeboksselskapet Rock-Ola.
Remove ads
Bakgrunn og innhald
Etter utgjevinga av det førre albumet, Truth, vart trommeslagaren Micky Waller mot slutten av 1968 erstatta av Tony Newman sidan Jeff Beck ønskte å gå i ei tyngre retning og han rekna Waller som meir ein trommis med finesse innan ein Motown-liknande til.[3] Pianisten Nicky Hopkins, som òg hadde spelt på Truth, vart spurt om å bli med i bandet som fulltidsmedlem.
Innspelinga av albumet fann stad over seks dagar i april 1969.[4] Dei spelte inn to songar av Elvis Presley, «All Shook Up» og «Jailhouse Rock», i tillegg til «Girl from Mill Valley», ein instrumental av og med Hopkins. Dei andre fire songane var originalar, og instrumentalen «Rice Pudding» avslutta albumet og var kraftig korta ned. Plateomslaget består av ein reproduksjon av den belgiske surrealistiske kunstnaren René Magritte sitt The Listening Room. På baksida av det originale plateomslaget, ved sidan av «Beck-Ola», står det skrive «Cosa Nostra», italiensk for «vår greie».
Etter innspelinga av dette albumet turnerte The Jeff Beck Group i USA. Dei var meint å spele Woodstockfestivalen og stod på plakatane som marknadsførte hendinga, men på grunn av intern krangling i bandet og både Ronnie Wood og Rod Stewart ute av bandet, vart det ikkje slik.[5] Stewart og Wood vart med i Faces i 1969, medan Hopkins spelte på Woodstock med Jefferson Airplane, og vart med i Quicksilver Messenger Service. Seinre turnerte han verda over med The Rolling Stones i 1971, 1972 og 1973. Beck var sjølv ute ei lengre tid frå desember det året på grunn av ei bilulukke.
Remove ads
Mottaking og ettermæle
I ei melding i The Village Voice då albumet kom ut, var kritikaren Robert Christgau lite imponert av albumet og sa spøkefullt at Stewart og Beck hadde oppfordra til den overdrivne spelinga til Hopkins.[9]
Den 10. oktober 2006 gav Legacy Recordings ut ei nymastra utgåve av albumet med fire bonusspor, som ingen var gjevne ut før. Dette omfattar to tidlege forsøk av dei to Presley-songane, ein frå Abbey Road Studios i januar, og ein jam på «Sweet Little Angel» av B.B. King frå november året før med Waller i bandet, og ein song meint som singel av produsenten Mickie Most som aldri kom ut.[4]
Remove ads
Innhald
Bonusspor på 2004-utgåva
Medverkande
- Jeff Beck – gitar, korvokal på «Throw Down a Line»
- Rod Stewart – vokal
- Nicky Hopkins – piano og orgel
- Ronnie Wood – bass
- Tony Newman – trommer
Andre medverkande
- Micky Waller – trommer på «Sweet Little Angel»
- Mickie Most – produsent
Kjelder
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads