Truth av Jeff Beck
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Truth er debutalbumet til Jeff Beck, gjeve ut i 1968 i Storbritannia på Columbia Records og i USA på Epic Records. Det introduserte òg bandet hans, The Jeff Beck Group, særskild Rod Stewart og Ronnie Wood, for eit større publikum, og nådde 15. plassen på Billboard 200.
Remove ads
Innhald og bakgrunn
Etter å ha slutta i The Yardbirds seint i 1966, hadde Jeff Beck gjeve ut tre singlar, to i 1967 med Beck på solovokal, og ein utan vokal i 1968. Alle hadde nådd den britiske singellista,[1] og var alle songar retta mot pop-lista etter ordre frå produsenten Mickie Most.[2] Hardare rock- og blues-baserte songar var på B-sidene til singlane, og Beck valde å følgje denne stilen på albumet.
Innspelinga av albumet fann stad over fire dagar, 14–15. mai og 25–26. mai 1968.[3] Ni songar vart valde ut frå desse innspelingane, inkludert ein versjon av «Ol' Man River» av Jerome Kern, «Greensleeves» frå tudortida og Bonnie Dobson sin «Morning Dew», ein hitsingel for Tim Rose i 1966. Beck anerkjende gigantane innan Chicagoblues med songar av Willie Dixon – Muddy Waters sin «You Shook Me» og Howlin' Wolf sin «I Ain't Superstitious». Albumet starta med ein song frå det gamle bandet til Beck: «Shapes of Things». Tre originale songar var tilskrivne «Jeffrey Rod», eit pseudonym for Beck og Stewart, all omarbeidingar av eldre bluessongar: «Let Me Love You», som var ein song med same tittel av Buddy Guy; «Rock My Plimsoul» var basert på «Rock Me Baby» av B.B. King og «Blues Deluxe» som minna om ein annan song av B.B. King, «Gambler's Blues».[4] «Plimsoul» var alt blitt spelt inn for B-sida til singelen «Tallyman» i 1967, og det tiande sporet var ein instrumental med Jimmy Page, John Paul Jones, Keith Moon og den framtidige Beck-pianisten Nicky Hopkins, «Beck's Bolero». Denne var blitt gjeven ut tidlegare som B-sida til «Hi Ho Silver Lining». Av kontraktsårsaker vart Moon omtalt på det originale plateomslaget som «You Know Who».
Remove ads
Mottaking og ettermæle
Truth vert rekna som eit av dei første heavy metal-albuma fordi det vert spelt blues på ein hardrockmåte.[6] Tom Scholz frå Boston har omtalt albumet som favorittalbumet sitt i nettmagasinet til Gibson og sa at «Eg kunne Jeff Beck sitt Truth ut og inn...»[7] Albumtittelen inspirerte til bandnamnet Truth and Janey.[8]
Bluesgitaristen Joe Bonamassa spelte inn ein studioversjon av «Blues Deluxe» i 2003 på albumet hans Blues Deluxe og spelte konsertversjonar på Live at Rockpalast (2005) og Live from the Royal Albert Hall (2009). Bonamassa spelte òg «Beck's Bolero», «Let Me Love You Baby» (og «Spanish Boots» og «Plynth (Water Down the Drain)» frå albumet Beck-Ola) på hans Salute to the British Blues Explosion-turneen med musikk av Beck, Clapton og Page i juli 2016.
Den 10. oktober 2006 gav Legacy Recordings ut ei nymastra utgåve av albumet på CD med åtte bonusspor. Dette inkluderte to tidlegare opptak av «You Shook Me» og «Blues Deluxe», sistnemnde utan overdubba applaus, og dei seks songane frå singlane til Beck. B-sida til singelen «Love Is Blue», «I've Been Drinking», var ein annan «Jeffrey Rod»-song, denne gongen ei omarbeiding av Johnny Mercer-songen «Drinking Again».
Remove ads
Innhald
Bonusspor på 2005-utgåva
Medverkande
- Jeff Beck – elektrisk gitar, akustisk gitar på «Greensleeves»; pedal steel guitar på «Shapes of Things»; bassgitar på «Ol' Man River»; solovokal på «Tallyman» og «Hi Ho Silver Lining», korvokal på «Let Me Love You»
- Rod Stewart – solovokal, kanskje korvokal på «Tallyman»
- Ronnie Wood – bassgitar
- Micky Waller – trommer
Andre medverkande
- John Paul Jones – bassgitar på «Hi Ho Silver Lining» and «Beck's Bolero»; hammondorgel på «Ol' Man River» og «You Shook Me»; arrangements på «Hi Ho Silver Lining»
- Nicky Hopkins – piano på «Morning Dew», «You Shook Me», «Beck's Bolero» og «Blues Deluxe»
- «You Know Who» – trommer på «Beck's Bolero»; pauker på «Ol' Man River»
Ikkje oppførte musikarar
- Madeline Bell – korvokal på «I've Been Drinking»
- John Carter and Ken Lewis – korvokal på «Tallyman»
- Clem Cattini – trommer på «Hi Ho Silver Lining»
- Aynsley Dunbar – trommer på «Tallyman» and «Rock My Plimsoul (single version)»
- Jimmy Page – 12-strengs elektrisk gitar på «Beck's Bolero»
- Ukjend sekkepipespelar – sekkepiper på «Morning Dew»
- Ukjend studioorketer – orkester på «Love Is Blue»
Produksjon
- Mickie Most – produsent
- Ken Scott – lydteknikar
- Stephen Goldblatt — fotografi
Remove ads
Kjelder
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads