Beg, Steal or Borrow

From Wikipedia, the free encyclopedia

Beg, Steal or Borrow
Remove ads

«Beg, Steal or Borrow» ('tigge, stele eller låne') er ein britisk popsong som var det britiske bidraget i Eurovision Song Contest 1972. Songen vart framført på engelsk av popgruppa The New Seekers. Melodi og tekst var skrivne av Tony Cole, Steve Wolfe og Graeme Hall. Songen enda på andreplass i Eurovision Song Contest, og vart ein hit i delar av Europa etter tevlinga. I Noreg toppa songen VG-lista i åtte veker, og er blant dei mest suksessrike Eurovision-bidraga i Noreg, målt ut frå VG-lista.[2]

Meir informasjon Låtskrivar(ar) ...
Remove ads

Om songen

«Beg, Steal or Borrow» vender seg til ein tidlegare kjærast. Dei to elskande skulle vere saman og at det kunne bli naudsynleg å «tigge, stele eller låne» («beg, steal or borrow») for «Eg bringer deg kjærleik» («I'll bring you love»). Det er ein kjærleikssong.

I Eurovision Song Contest vart «Beg, Steal or Borrow» framført som det femte bidraget om kvelden 23. mars 1972, etter spanske Jaime Morey med «Amanece», og før Noregs Grethe Kausland og Benny Borg med «Småting».

Då avrøystinga var ferdig, hadde «Beg, Steal or Borrow» fått 114 poeng og fekk ein andreplass blant atten deltakarar.

The New Seekers spela også inn «Beg, Steal or Borrow» på single. Produsent var David Mackay.

Remove ads

Listeplasseringar

Meir informasjon Liste (1972), Høgaste plassering ...
Remove ads

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads