Spania i Eurovision Song Contest
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Spania debuterte i Eurovision Song Contest i 1961 og deltok i 2021 for 60. gong. Spania er ein av «dei fem store» – ei gruppe på fem land som er automatisk kvalifiserte til finalen på grunn av sine store økonomiske bidrag til tevlinga. Sidan debuten i 1961 har Spania delteke kvart einaste år. Berre Storbritannia har delteke lenger samanhengande, sidan 1959.[1]
Remove ads
Spania har vunne Eurovision Song Contest to gongar, i 1968 og 1969. Av alle deltakarlanda som har vunne Eurovision Song Contest, er Spania per 2021 det landet som har hatt den lengste sigerstørka i historia til tevlinga, med 52 år utan ein siger. Frå 2015 har Spania vore blant dei fem lågaste plasserte landa på resultatlista, inkludert ein sisteplass i 2017.
Remove ads
Historikk
Det er den spanske ålmennkringkastaren Radiotelevisión Española (RTVE) som har ansvaret for å velje det spanske bidraget til Eurovision Song Contest. Spania debuterte i Cannes i 1961, med Conchita Bautista. Etter fem år med dårlege resultat, inkludert to sisteplassar, innleia Spania ein gullalder i 1966. Dei neste ti åra enda Spania på topp ti kvart einaste år, inkludert to sigrar og to andreplassar.
Sigrane kom to år på rad, fyrst i 1968 då Massiel og «La, la, la» slo det britiske bidraget «Congratulations» med eitt einaste poeng. På heimebane året etter vann Spania igjen med Salomé og «Vivo cantando». Men sigeren måtte dei dele med tre andre land, Storbritannia, Nederland og Frankrike, sidan det ikkje var nokon regel som hindra at fleire land kunne dele sigeren.[2]
Opp og ned

Etter 1976 har resultata til Spania svinga kraftig. Landet var svært nær ved å vinne i 1979, men den spanske juryen «gav frå seg» sigeren då dei gav ti poeng til sin argaste konkurrent, Israel. I 1995 kom Spania nok ein gong på andreplass, berre slått av Noreg og Secret Garden.
Sidan 1995 har resultata til Spania vore relativt skuffande. To sjetteplassar er dei beste plasseringane til Spania, og sidan 2005 har Spania berre klart to tiandeplassar som beste plassering. Sidan debuten har Spania komme sist fem gongar, seinast i 2017. Særleg skuffande har resultata vore frå 2015, der Spania har vore blant dei seks dårlegaste i finalen kvart år. I 2017 fekk ikkje Spania eit einaste poeng i juryavrøystinga, og i 2021 fekk ikkje Spania eit einaste poeng i telefonavrøystinga.[3]
Dei fem store
I 2000 innførte Den europeiske kringkastingsunionen (EBU) ei ordning som sikra at dei fire største økonomiske bidragsytarane fekk automatisk innpass i Eurovision-finalen. Gruppa vart kalla «dei fire store», og Spania utgjer gruppa saman med Tyskland, Storbritannia og Frankrike. I 2011 kom Italia tilbake i tevlinga, og «dei fire store» vart utvida til «dei fem store». Spania har dimed aldri delteke i ein semifinale i Eurovision Song Contest.[4]
Populære finalar
RTVE har ofte halde ein nasjonal finale, tilsvarande norske Melodi Grand Prix, for å velje det spanske bidraget til Eurovision Song Contest. I perioden 1977-1997 valde kringkastaren song og artist internt, men i 2000 var dei nasjonale tevlingane tilbake igjen. I 2002 brukte RTVE den populære talenttevlinga Operación Triunfo til å velje det spanske bidraget, noko som førte til eit kraftig oppsving i populariteten til tevlinga. Den internasjonale finalen same år vart sett av over 14 millionar spanjolar, det høgaste sjåartalet etter at Spania fekk moderne sjåarmålingar tidleg på 1990-talet. Fyrst under finalen i Fotball-EM i 2008 vart rekorden slått.[5]
Bidrag som vart forstyrra

Tre gongar opp gjennom Eurovision-historia har eit ikkje-vinnande bidrag fått framføre på nytt, og to av desse bidraga var spanske. Det fyrste var i 1990, då duoen Azúcar Moreno skulle opne showet i Zagreb. Songen «Bandido» vart framført som ein kombinasjon av ferdiginnspelt musikk og akkompagnert av eit orkester på direkten. Då bandet vart sett på, kom ikkje orkesteret i gong då det skulle, og Azúcar Moreno gjekk frustrerte av scena. På andre forsøk gjekk alt som det skulle, og det spanske bidraget enda på ein femteplass.[6]
20 år seinare, i Bærum i 2010, vart det spanske bidraget nok ein gong forstyrra, då den berykta scenestormaren Jimmy Jump klarte å ta seg opp på scena under framføringa av «Algo pequeñito». Spania fekk framføre på nytt etter at resten av landa hadde sunge.[7]
I 1964 var Spania også involvert i ei scenestorming, då ein mann klarte å ta seg opp på scena med ein plakat som protesterte mot den portugisiske diktatoren Salazar og den spanske diktatoren Franco. Men hendinga påverka ikkje framføringa av det spanske bidraget, sidan den skjedde i pausen mellom det sveitsiske og belgiske bidraget.[8]
Remove ads
Deltakarar
Remove ads
Galleri
- Conchita Bautista i Napoli (1965)
- Julio Iglesias i Amsterdam (1970)
- Braulio i Den Haag (1976)
- Ramón i Istanbul (2004)
- D'NASH i Helsingfors (2007)
- Rodolfo Chikilicuatre i Beograd (2008)
- Daniel Diges i Oslo (2010)
- El Sueño de Morfeo i Malmö (2013)
- Ruth Lorenzo i København (2014)
- Edurne i Wien (2015)
- Barei i Stockholm (2016)
- Manel Navarro i Kiev (2017)
- Amaia og Alfred i Lisboa (2018)
Røystehistorikk
Eurovision Song Contest i Spania
Sjå òg
Referansar
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads