Beiarelva
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Beiarelva (eller Storåga) er eit rundt 56 kilometer langt vassdrag i Beiarn kommune i Nordland. Elva følgjer hovuddalføret i Beiarn og renn ut i Beiarfjorden ved Tverrvik. Ho har utspring øvst i Beiardalen, i Saltfjellet-Svartisen nasjonalpark.
Beiarelva er ei populær elv for fiske av laks og sjøaure. I tillegg har elva ein stamme av sjørøye, men denne blei totalfreda i 2008. Elva har ein lakseførande strekning på 27,5 kilometer, frå utløpet til Høgforsen ved Tollå. I tillegg er også 3 kilometer av sideelva Tollåga, og 0,6 kilometer av sideelva Gjeddåga, lakseførande.
I 1981 blei lakseparasitten Gyrodactylus salaris påvist i elva. Dette førte til at laksebestanden blei sterkt redusert i løpet av tiåret. I 1989 blei alt laksefiske i Beiarelva forbydd. Elva blei rotenonbehandla i 1994. Etter 7 år, i 2001, blei elva friskmeldt for gyro, og ho blei igjen opna for laksefiske.
Remove ads
Kjelder
- Denne artikkelen bygger på «Beiarelva» frå Wikipedia på bokmål, den 10. november 2014.
Bakgrunnsstoff
- Heimesida til Sammarbeidsorninga for Beiarelva.
- NVE-dok nr. 12 2002, Høringsdokument: Utvida skildring av Beiarelva[daud lenkje]
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads