Ivo Andrić

From Wikipedia, the free encyclopedia

Ivo Andrić
Remove ads

Ivo Andrić (9. oktober 189213. mars 1975) var ein jugoslavisk forfattar, diplomat og politikar som i 1961 fekk Nobelprisen i litteratur «för den episka kraft varmed han gestaltat motiv och öden ur sitt lands historia.»[1][2] Den mest kjende boka til Andrić er Broen over Drina.

Kjappe fakta
Kjappe fakta

Andrić var fødd i Dolac nær Travnik i Austerrike-Ungarn, noverande Bosnia. Rundt 1920 tok Andrić til å arbeide for den jugoslaviske staten og skifta då over frå kroatisk til serbisk litteratur. Etter at den andre verdskrigen var over gjekk han i teneste i den – no sosialistiske – jugoslaviske staten.

Andrić gav ut to prosadiktsamlingar og tre novellesamlingar i åra rundt 1930. I 1945 blei han verdskjent for «den bosniske trilogien» med romanane Na Drini ćuprija, Gospođica og Travnička hronika.[3] Hovudtema i romanane og forteljingane er bosnisk levesett og historie og livet der aust og vest møtes. Han uttrykte dei politiske haldningane sine i bøkene; sjølv om han var tilhengar av den multietniske tankegangen til den jugoslaviske staten, skildra han òg problema ved at ulike kulturar levde tett saman.

Ivo Andrić døydde i Beograd.

Remove ads

Referansar og fotnotar

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads