Beryll

From Wikipedia, the free encyclopedia

Beryll
Remove ads

Beryll er eit mineral som består av beryllium aluminium syklosilikat med kjemisk formel Be3Al2(SiO3)6. Dei heksagonale beryllkrystalla kan vere særs små og opp til fleire meter i storleik. Rein beryll er fargelaus, men er ofte farga av ureinleikar og mogelege fargar er grøn, blå, gul, raud og kvit.

Kjappe fakta Generelt, Kategori ...

Mineralet vert nytta til framstilling av beryllium, som er eit viktig legeringsmetall. I året vert det produsert kring 5000 tonn verda over, og dei største produsentane er Brasil og Russland. I Noreg er beryll funnen fleire stader i forskjellige fargar, som Iveland, Hurumlandet, Evje, Nordland, Minnesund i Eidsvoll, Tørdal og frå Svartisen-området og Drag i Tysfjord.

Då dei første brillene blei laga på 1200-talet i Italia, var linsa ofte laga av beryll, sidan vanleg glas på denne tida ikkje var særleg klårt. Dette førte til at innretninga fekk namnet brillen i Tyskland, bril i Nederland og briller i Noreg og Danmark.[4][5]

Remove ads

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads