Beslan
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Beslan (russisk Беслан, ossetisk Беслӕн) er ein by i Republikken Nord-Ossetia i Russland med om lag 35 000 innbyggjarar. Han ligg ved elva Terek, rundt 15 km nord for Vladikavkaz.
Beslan er eit viktig jernbaneknutepunkt sidan han ligg på hovudlinja mellom Rostov-na-Donu og Baku. Stasjonen her er utgangspunktet for ei sidelinje til Vladikavkaz. Byen er ein industri- og jordbruksby dominert av ein stor fabrikk for prosessering av mais, grunnlagd i 1940-åra.
Remove ads
Historie
Byen vart grunnlagt i 1847 av tilflyttarar frå andre stader i Ossetia og fekk opphavleg namnet Beslanykau (russisk: Бесланыкау – «Beslan-busetnaden») etter ein lokal stormann, Beslan Tulatov. Offisielt fekk byen likevel namn etter Tulatov sitt etternamn. Slik vart det Tulatovo (russisk: Тулатово) eller Tulatovskoje (russisk: Тулатовское). Byen fekk i 1941 namnet Iriston (Ossetia) (russisk: Иристон («Осетия»). I 1950, då den raskt industrialiserte byen vart omgjort til ein egen kommune, fekk han det noverande namnet sitt.
Gisseldramet i Beslan
![]() |
Den 1. september 2004 vart barneskule nummer 1 i Beslan storma av tsjetsjenske terroristar som forskansa seg inne i skulekomplekset. Dramaet enda 3. september med ein kraftig skottveksling mellom terroristane og russiske tryggingsstyrkar. Litt over 300 menneske mista livet.[1]
Remove ads
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads