Terek

From Wikipedia, the free encyclopedia

Terek
Remove ads

Terek (russisk Терек; georgisk თერგი, Tergi; avarisk Терек) er ei stor elv nord i Kaukasus, som renn gjennom Georgia og Russland på veg mot Kaspihavet. Ho har utspring i fjellsida til Kazbek i Georgia og renn så nordover gjennom Nord-Ossetia og byen Vladikavkaz. Ho snur så austover og renn gjennom Tsjetsjenia og Dagestan før ho deler seg i to greiner, som begge munnar ut i Kaspihavet. Nedanfor byen Kizljar dannar dei eit sumpaktig elvedelta som er om lag 100 km breitt.

Kjappe fakta Land, Nedslagsfelt ...

Elva er ein naturressurs i området, og vert nytta til kunstig vatning og produksjon av vasskraft i dei øvre delane.

Dei største byane langs Terek er Vladikavkaz, Mozdok og Kizljar.

Thumb
Nedslagsfeltet til Terek.
Remove ads

Kjelder


Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads