Beta
bokstav i det greske alfabetet From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Beta (Β, β) er den andre bokstaven i det greske alfabetet. På nygresk heiter bokstaven vita og står for språklyden [v] (stemd labio-dental frikativ).
- For planteslekta Beta, sjå beteslekta.
Remove ads
Bokstaven svarar til B i det latinske alfabetet. På kyrillisk har han gjeve opphav til bokstavane be, Б, og ve, В.
Beta vert nytta i fleire samanhengar:
- Alfabet; er sett samann av dei to første bokstavane i det greske alfabetet, alfa og beta
- I astronomi: den nest lysaste stjerna eit stjernebilete (til dømes Beta Centauri; hovudstjerna i det næraste nabostjernesystemet vårt, omtrent 4,3 lysår unna)
- I finans er beta eit mål på risikoen knytt til ei aksjeportefølgje relativt til alle tilgjenglege portefølgjer i marknaden. Beta er eit mål på systimatisk risiko som ein ikkje kan diversere bort.
- Ein tidleg versjon av ei programvare vert kalla ein betaversjon. Ein slik versjon vert gjerne gjeve ut til ei lita gruppe brukarar for nøye testing.
- Betastråling er ein type radioaktiv stråling
- Eit kallenamn på det gamle videosystemet Betamax
Remove ads
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads