Kochab

From Wikipedia, the free encyclopedia

Kochab
Remove ads

Kochab eller Beta Ursae Minoris (β UMi, β Ursae Minoris) er ei lyssterk stjerne i stjernebiletet Den vesle bjørnen), og er berre litt mindre lyssterk enn Polaris, den nordlege polarstjerna og den mest lyssterke i Den vesle bjørnen. Kochab ligg 16 grader frå Polaris og har ein tilsynelatande storleiksklasse på 2,08.[2] Avstanden frå denne stjerna er målt med parallaksemålingar frå Hipparcos og er 130,9 lysår.[1]

Kjappe fakta Observasjonsdata Epoke J2000 Ekvinoks J2000, Karakteristikk ...

Kochab og nabostjerna Pherkad var begge polarstjerner frå 1500 fvt og fram til 500 evt., men ingen av dei var like nærme nordpolen som Polaris er no.

Remove ads

Eigenskapar

Kochab er ei kjempestjerne med spektralklasse K4 III.[3] Ho er 130 gonger meir lyssterk enn sola. Kochab ar nådd ein tilstand i utviklinga si der den ytre envelopen har utvida seg til å bli 42[6] gonger så stor som sola. Denne store atmosfæren stråler 390[6] gonger så kraftig som sola. Den ytre atmosfæren har ein effektiv temperatur på 4 030 K.[6] Denne varmen gjev stjerna oransjefargen til ei klasse K-stjerne.[9]

Massen til stjerna er estimert til å vere 2,2 ± 0,3 solmassen.[5] Stjerna har periodiske variasjonar i lyssterke med ein periode på kring 4,6 dagar.[5]

Remove ads

Planetsystem

Kochab er estimert til å vere 2,95 milliardar år gammal, pluss/minus 1 mrd. år og har ein planet som er kring 6,1 gonger så massiv som Jupiter med ein bane på 522 dagar.[10]

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads