Better than Today

From Wikipedia, the free encyclopedia

Remove ads

«Better than Today» er ein song av den australske songaren Kylie Minogue frå hennar ellevte studioalbum Aphrodite (2010). Songen kom ut 3. desember 2010 som den tredje singelen frå albumet i Storbritannia. Songen vart skriven og produsert av Nerina Pallot og Andy Chatterley.

Meir informasjon Låtskrivar(ar), Kylie Minogue-kronologi ...
Remove ads

Informasjon

«Better than Today» fekk stort sett positive kritikkar, og mange likte dansepopstilen. Songen debuterte som nummer 67 på UK Singles Chart,[1] og nådde seinare 32. plass. Plasseringa bygde på digitale sal av albumet, ettersom singelen ikkje vart utgjeven før 3. desember. Listeplasseringa er ei av lågaste Minogue har hatt i Storbritannia.[2] Singelen hadde liknande resultat i andre europeiske land, og nådde 27. plass i Skottland og 63. plass i Frankrike.[3]

Remove ads

Komposisjon

«Better than Today» er ein popsong med element frå rock, funk, soul og country.[4][5] Han tek i bruk elektrisk og akustisk gitar, synthesizer og trommeprogrammering.

Musikkvideo

Musikkvideoen var regissert av Kylie Minogue sjølv, og vart vist for første gong 19. november 2010. Videoen byrjar med Kylie Minogue som dansar på ei scene omgjeven av ljos, og kvinnelege dansarar med rosa parykkar og gitaristar med hjelmar på. Minogue blir seinare vist omgjeven av raudt ljos, medan mikrofonen sender ut ljosstrålar.

Format og sporliste

CD Single
  1. «Better than Today» – 3:25
  2. «Can't Get You Out of My Head» (BBC Live Lounge Version) – 3:16
CD Maxi Single
  1. «Better than Today» – 3:25
  2. «Better than Today» (Bills & Hurr Remix Edit) – 3:47
  3. «Better than Today» (The Japanese Popstars Mix) – 6:45
  4. «Get Outta My Way» (BBC Live Lounge Version) – 3:40
7" Single
  1. «Better than Today» – 3:25
  2. «Better than Today» (Bills & Hurr Remix Edit) – 3:47
Remove ads

Topplisteplasseringar

Meir informasjon Toppliste (2010), Listeplassering ...

Utgjevingshistorie

Meir informasjon Land, Dato ...
Remove ads

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads