Get Outta My Way
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
«Get Outta My Way» er ein dansepopsong av den australske songaren Kylie Minogue frå det ellevte studioalbumet hennar, Aphrodite. Songen vart utgjeven som den andre singelen i september 2010.
Remove ads
Utgjeving og listeplasseringar
Minogue stadfesta 5. juli 2010 at «Get Outta My Way» ville koma ut som den andre singelen frå albumet.[1] Songen vart først gjort tilgjengeleg for allmennheten via eit promoteringsalbum gjeve til radiokanaler før den kommersielle utgjevinga. «Get Outta My War» vart skriven og produsert av Lucas Secon, Damon Sharpe, Peter Wallevik, Daniel Davidsen, Mich Hansen og Cutfather, med Stuart Price som den utøvande produsenten.
«Get Outta My Way» nådde tolvteplass på UK Singles Chart og nummer 69 i heimlandet til Minogue, Australia. Singelen nådde òg nummer 25 på den europeiske singellista, nummer 29 i Frankrike, nummer 41 i Tyskland og nummer 23 i Sveits. Songen var òg vellykka i New Zealand der det nådde nummer 69 og nummer 57 i Japan.
Remove ads
Komposisjon
«Get Outta My Way» er ein dansepop og synthpop-orientert song som òg inneheld ein disco-orientert rytme. Tekstene fortel om Minogue som er frustrerte og rasande, og leverer vokal i ei form av ein advarsel til henne ubehageleg partnar, noko som indikerer at ho kan forlate han.[2][3]
Musikkvideo
Musikkvideoen vart filma i London den 18. august 2010. Videoen byrjar med Minogue og dansarar hennar rører seg sakte på eit rørleg dansegolv. Kvar og ein av dei er omgjeve av ein glød som følgjer rørslene deira. Minogue har på hanskar som lyser opp andletet og kroppen hennar. Deretter opptrer ho i eit gullantrekk blant kvite stolar. Det siste elementet viser Minogue i raudt saman med dansarar med ein rampe framfor ein lyssett vegg.
Format og sporliste
|
|
Remove ads
Personell
- Kylie Minogue – vokal, bakgrunnsvokal
- Lucas Secon – låtskrivar, produksjon, ekstra keyboard
- Damon Sharpe – låtskrivar, produksjon, innspeling
- Peter Wallevik – låtskrivar, produksjon, keyboard, programmering
- Daniel Davidsen – låtskrivar, produksjon, keyboard, programmering, gitarar
- Cutfather – låtskrivar, produsent, perkusjon
- Stuart Price – utøvande produsent, miksing
- Pete Hofmann – innspeling og Pro Tool
- Alexandra Segal – ekstra bakgrunnsvokal
- Maime Hladiy – bass
- Mads Nilsson – miksing
- Dave Emery – miksing assistant
- Geoff Pesche – mastering
Kjelde :[4]
Remove ads
Topplisteplasseringar
Remove ads
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads