Bhutankrigen

From Wikipedia, the free encyclopedia

Bhutankrigen
Remove ads

Bhutankrigen (eller Duar-krigen) var ein krig utkjempa frå 1864 til 1865 mellom Britisk India og Bhutan. Krigen ende med at Bhutan formelt gav frå seg kontrollen over nokre sørlege fjellpassområde, kjend som Duars, og Dewangiri til Britisk India.

Kjappe fakta Dato, Stad ...
Remove ads

Historie

Thumb
Ashley Eden blir tvinga av bhutanarane til å skriva under ein traktat i 1864. Illustrasjon av A.D. Macromick (1909)

Tilhøvet mellom Bhutan og Britisk India hadde lenge vore prega av usemje over territorium og pengar. Britane hadde teke kontroll over assamesiske Duars i 1841, mot ein årleg sum på 10 000 rupiar, og overtok kontrollen over bengalske Duars i 1842.[1] Ein bhutansk delegasjon til Calcutta i 1852 bad om auka kompensasjon for dei tidlegare territoria, men fekk han i staden senka, ettersom britane hevda bhutanarane hadde plyndra områda under britisk kontroll. I 1862 utførte bhutanske styrkar raid i dei britisk-kontrollerte naboområde Sikkim og Cooch Behar, der dei tok folk, eigedom og pengar.[1]

Som svar heldt britane tilbake den årlege kompensasjonen, og kravde at alle dei fanga og dei stolne eigedelane skulle sendast tilbake. Dei sende desse krava til den bhutanske kongen (druk desi) utan å få svar. Kongen skal ikkje ha kjend til kva bhutanske representantar i grenseområda gjorde.

Bhutan var også prega av indre uro. I 1864 kjempa fleire om makta i landet. Britane forhandla med fleire ulike guvernørar (ponlop) og kongar. I 1864 sende dei ein delegasjon til landet for å forhandla om fred. Leiaren for delegasjonen, Ashley Eden, blei ifølgje Dictionary of National Biography, 1885-1900 «grovt fornærma og tvinga til å skriva under på ein avtale til fordel for Bhutia-ene».[2] Denne blei forkasta av dei sentrale kolonistyresmaktene,[3] og britane erklærte krig i november 1864.[1]

Bhutan hadde ikkje ein ståande hær, berre dzong-vakter med enkle våpen. Dei hadde liten sjanse mot dei godt utrusta britane.[1] Dei vann nokre slag, men tapte raskt krigen, som var over etter fem månader. Britane erobra festningen Dewangiri ved Deothang. Sidan dei først hadde lidd eit audmjukande nederlag der, reiv dei festningen etter at dei tok han attende.

Remove ads

Sinchula-traktaten

Sinchula-traktaten blei underskriven 11. november 1865 av Herbert Bruce frå Britisk India, kongen av Bhutan og ministrane hans. Bhutan gav opp krava sine på Duars og eit 83 km² stort område ved Dewangiri søraust i Bhutan.[1] Blant landområde som blei overgjevne var ein eigedom seinare kjend som Bhutan House.[4][5] Som kompensasjon for dei tapte landområda fekk Bhutan ein årleg sum på 50 000 rupiar frå Britisk India.[1]

Traktaten blei ståande fram til 1910, då Bhutan og Britisk India inngjekk Punakha-traktaten.

Meir informasjon Traktat-teksten ...
Remove ads

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads