Bigger than Us
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
«Bigger than Us» (norsk 'større enn oss') er ein britisk popsong frå 2019, skriven av Laurell Barker, Anna-Khara Folin, Jonas Thander og John Lundvik. Han vert framført av songaren Michael Rice. Songen vann BBC-tevlinga Eurovision: You Decide 8. februar 2019 og var det britiske bidraget i Eurovision Song Contest 2019 i Tel Aviv i Israel.[1] Der enda songen på sisteplass; den fjerde sisteplassen til Storbritannia i Eurovision Song Contest.

Remove ads
Bakgrunn
«Bigger than Us» var blant bidraga i songtevlinga Eurovision: You Decide på BBC i februar 2019. Eit dommarpanel og tv-sjåarane valde songen til vinnar. «Bigger than Us» skulle i utgangspunktet ha delteke i Melodifestivalen 2019, framført av songaren John Lundvik. Til slutt valde Lundvik ein annan song og sende i staden «Bigger than Us» inn til Eurovision: You Decide.[2]
Lundvik stilte opp i Melodifestivalen 2019 med songen «Too Late for Love» og vann tevlinga. Dimed konkurrerte Lundvik mot sin eigen song, «Bigger than Us», i Eurovision Song Contest 2019.[3]
«Bigger than Us» deltok i finalen av Eurovision Song Contest laurdag 18. mai 2019 i Expo Tel Aviv. Songen hadde startnummer 16 i finalen, og avslutta på sisteplass med 11 poeng.[4][5] Dette var fjerde gongen Storbritannia enda sist i tevlinga.[6] Songen tok seg heller ikkje inn på den britiske singellista. Dette var fyrste gong på 55 år at eit britisk bidrag ikkje kom inn på singellista.[7]
Remove ads
Kjelder
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads