John Lundvik
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
John Hassim Lundvik (fødd 27. januar 1983) er ein svensk songar, låtskrivar og tidlegare sprintløpar. Han var med på friidrettslaget til IFK Växjö. Lundvik har sidan etablert seg som musikar, og har skrive filmmusikk og songar for andre artistar. Han står òg bak «When You Tell the World You're Mine», som var den offisielle låten i bryllaupet mellom kronprinsesse Victoria og Daniel Westling i 2010. I 2018 enda han på ein tredjeplass i Melodifestivalen med låten «My Turn», og i 2019 vann han Melodifestivalen med låten «Too Late for Love». Lundvik representerte Sverige i Eurovision Song Contest 2019.
Remove ads
Bakgrunn
Lundvik vart fødd i London, og éi veke gammal vart han adoptert av eit svensk par som budde i byen.[1] Han budde i England fram til han var seks år, då familien flytta til i Växjö i Sverige.[1] Han har aldri møtt dei biologiske foreldra sine.[1]
Musikkarriere
Lundvik starta for alvor musikkarrieren som 27-åring, då han komponerte songen «When You Tell the World You're Mine» til bryllaupet mellom kronprinsesse Victoria og Daniel Westling i 2010.[2] Lundvik skreiv sidan musikk for artistar som Anton Ewald, Isac Elliot og Sanna Nielsen, og han komponerte filmmusikk til filmen Snabba Cash.[3][4] Han har òg komponert musikk til tv-serien Empire.[5]
I 2016 opptredde Lundvik i Allsång på Skansen, der han framførte ein duett saman med Lill Lindfors.[6] Lundvik deltok i Melodifestivalen i 2018 med songen «My Turn». Der kvalifiserte han seg til finalen og enda til slutt på ein tredjeplass.[7][8]
I 2019 deltok han på ny i Melodifestivalen, då med songen «Too Late for Love». Han var ein av dei ti finalistane i finalen i Stockholm laurdag 9. mars, og han vann finalen.[9] Med sigeren vart Lundvik Sverige sin representant i Eurovision Song Contest 2019 i Tel Aviv. Han deltok i den andre semifinalen torsdag 16. mai 2019 med «Too Late for Love». I avrøystinga vart songen blant dei ti beste i semifinalen, og kvalifiserte seg dermed til finalen laurdag 18. mai.[10] I finalen enda han som nummer 5 av 26.[11] Med seg som støttevokalistar hadde han gruppa The Mamas, som vann Melodifestivalen året etter.[12]
Lundvik var òg ein av komponistane bak det britiske bidraget til Eurovision Song Contest 2019, «Bigger than Us», som vart framført av Michael Rice.[13] Lundvik har òg skrive to låtar til norske Melodi Grand Prix: «Little Bobbi» med United i 2012, og «On Hold» med gruppa Shackles i 2013.[14][15] Begge bidraga vart slått ut i delfinalane.
Idrettskarriere
Lundvik har ein karriere bak seg som friidrettsutøvar for IFK Växjö. I 2005 var han med på herrestafettlaget til IFK Växjö som fekk bronse under sverigemesterskapet same år.[16]
Personlege rekordar
Remove ads
Diskografi
Singlar
Som hovudartist
Som medvokalist
Remove ads
Kjelder
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads