Bijago
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Bijago er eit atlantisk språk i nigerkongo-familien som vert snakka på Bijagós-øyane utanfor Guinea-Bissau. Språket utgjer eit dialektkontinuum, og brukarar av nokre av dialektane som er fjernast frå kvarandre har problem med å forstå kvarandre.
Edward Sapir klassifiserte bijago som eit isolert språk innan den vestatlantiske greina av nigerkongo-språka, dvs. at det ikkje kan knytast til nokre (andre) undergreiner av dei vestatlantiske språka. Språkforskarar som Blench, som ikkje anerkjenner den vestatlantiske greina, har bijago som ei eiga grein under atlantisk-kongo-språka.
Remove ads
Fonologi
Kajako-dialekten av bijago er éin av få varietetar verda over som har ein lingvolabial konsonant, dvs. ein konsonant som vert uttalt med tunga mot overleppa.
Kjelder
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads