Bilad Al Qadeem
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Bilad al-Qadeem (arabisk البلاد القديم, Det gamle landet) er ein forstad nær Manama i Bahrain.[1]
Bilad al-Qadeem brukte å vere ein separat by nær landsbyen Zinj før han voks saman med Manama på 1900-talet. Byen har vore den historiske og islamske hovudstaden i Bahrain gjennom mykje av historia til landet.[2]
Remove ads
Historie
Byen vert rekna for å vere ein av dei første busetnadane på øya Bahrain. Området har tradisjonelt vore rikt på jordbruk og læring, med mange daddelgardar, frukthagar og andre hagar i nærleiken av byen. På 1600-talet vitja den portugisiske oppdagaren Pedro Teixeira byen og skreiv at byen dyrka store mengder kveite og bygg.[2]
Safavidetida
Før den portugisiske invasjonen i 1519, tente Bilad al-Qadeem som provinshovudstaden i Bahrain og vart det igjen seinare då safavidane tok attende makta i 1602. Byen var tradisjonelt eit senter for tolvar-sjiisme, særleg usuli-læra, og var sete for den øvste mujtahiden på øyane, som var den net viktigaste politiske stillinga etter den persiske guvernøren. Prestestanden, lokalt kalla Shaikh al-Ra'is (arabisk شيخ الرئيس), vart utpeikt frå safavidehovudstaden Isfahan.[2]
1900-talet
J.G. Lorimer skreiv i Gazetteer of Gulf av Persia at byen var ein spreidd landsby med kring 350 leirhus og ruinar i 1908. Han skreiv at folkesetnaden bestod av baharna, og at mange arbeidde innan perlehandel eller var skreddarar og bønder. Blant avlingane deira var det daddelpalmar (estimert rundt 11 500), fiken, granateple og mandlar.[3]
Remove ads
Turistmål
Bilad al-Qadeem er kjend for eldgamle monument som Khamis-moskeen,[2] Saboor-moskeen, Den heilage Alawyyah-skulen og gravplassen Abu-Anbarah.
Kjelder
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads