Billefjorden
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Billefjorden er ein 11 km lang fjordarm inst i Isfjorden på Spitsbergen på Svalbard. Billefjorden går av frå Isfjorden saman med Sassenfjorden, mellom dei ligg fuglereservatet Gåsøyane. Det nedlagde sovjetiske gruvesamfunnet Pyramiden ligg i fjorden, og isbrea Nordenskiöldbrea har brefronten ut i fjorden. Ved Pyramiden blei det brote kol, og inst i fjorden finst det gips og anhydritt.

Fjordnamnet vart først nytta om Adventfjorden, men frå siste halvdel av 1800-talet vart namnet nytta som i dag. Fjorden er oppkalla etter den nederlandske kvalfangaren Cornelius Claeszoon Bille, som var aktiv i 1675.
Remove ads
Kjelder
- The Place-names of Svalbard Norsk polarinstitutt 1942/2001 ISBN 82-90307-82-9
Bakgrunnsstoff
Kjelde
- Den norske los, vol. 7, 2 utg. (Stavanger: Norges sjøkartverk og Norsk polarinstitutt, 1990).
- Store norske leksikon: Isfjorden
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads