Anhydritt

From Wikipedia, the free encyclopedia

Anhydritt
Remove ads

Anhydritt er eit fargelaust, kvitt eller svakt farga mineral med liten hardleik. Det består av kalsiumsulfat, CaSO4, har rombisk symmetri og finst ofte saman med gips og halitt (steinsalt) som avsetning frå inndampa havvatn (evaporitt), av og til òg på malmgangar. Ved å oppta vatn går anhydritt under volumauke over til gips, CaSO4•2H2O. Dette kan skape jordheving eller til og med jordskjelv.

Meir informasjon Generelt, Kategori ...

Anhydritt er kjend frå Strynefjellet, fleire stader i dei vestnorske gneisområda, Søftestad og Sulitjelma gruver og dessutan Svalbard.

Remove ads

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads