Billion Dollar Babies

From Wikipedia, the free encyclopedia

Remove ads

Billion Dollar Babies er det sjette studioalbum av det amerikanske hardrockbandet Alice Cooper, gjeven ut i 1973.[1][5] Albumet vart det bestseljande albumet til Alice Cooper då det kom ut både i USA og Storbritannia og selde til platinaplate i USA. Albumet vart hylla av kritikarar som Robert Christgau, Greg Prato frå allmusic, og Jason Thompson frå popmatters, men Rolling Stone gav det berre to og ei halv stjerne.

Meir informasjon Kritikk, Alice Cooper-kronologi ...

Songane vart spelt inn i Connecticut og London i England. Tekstane omhandla tema som nekrofili, tannlegefrykt, skrekk og eit humoraktig innslag av seksuell trakassering.

Remove ads

Innspeling og produksjon

Trommeslagaren Neal Smith har sagt at albumet kan sporast tilbake til songen «Caught in a Dream» frå albumet Love It to Death. Den første innspelinga for albumet fann stad i Greenwich i Connecticut i eit herskapshus kalla Galecie Estate. For å få til visse vokallydar og ekkoeffektar, vart mikrofonane plasserte ut i rom av forskjellig storleik og eit drivhus. Andre innspelingar fann stad i Morgan Studios i London, der songaren Donovan medverka med å synge på tittelsporet til albumet. Albumet vart produsert av Bob Ezrin.[6]

Gitaristane Glen Buxton og Michael Bruce nytta begge Gibson SG-gitarar for albumet.[6] To gitaristar til, Dick Wagner og Steve Hunter spelte òg på albumet for å hjelpe Buxton som på denne tida sleit med eit stort dopmisbruk.[7]

Remove ads

Tekstar og tema

Tittelen på albumet kom av at Alice Cooper og bandet var overraska over suksessen sin. Cooper fortalte: «Korleis kan me, dette bandet som for to år sidan budde i kjellaren til Chambers-brørne i Watts, vere nummer ein-bandet i verda, der folk kastar pengar etter oss?»[8] Tittelen vart òg seinare nytta på bandet til Neal Smith, Dennis Dunaway og Michael Bruce som dei danna etter at dei forlet Alice Cooper.[9] Cooper sa «Heile ideen bak Billion Dollar Babies var å utnytte ideen om at folk har sjuke perversjonar».[10] Chris Cornell frå Soundgarden sa seinare: «Då eg var på vidaregåande skule, let lærarane elevane få spele favorittplatene sine kvar fredag. Eg tok med meg Billion Dollar Babies og dei let meg ikkje spele han. Dei hadde aldri nekta nokon før. Det var då eg forstod at rock’n’roll kunne skremme livskiten av visse folk»[11]

Alice Cooper, som skreiv dei fleste tekstane på albumet, siterte Chuck Berry som ei stor inspirasjonskjelde for tekstane sine.[6] «Hello Hooray», opningssporet på albumet, vart skriven av den kanadiske songaren og låtskrivaren Rolf Kempf og var tidlegare spelt inn av Judy Collins. Bandet ønskte at versjonen deira av songen skulle høyrast ut som «Alice Cooper møter kabaret».[12] Det tredje sporet på albumet, «Elected», var ei omskriving av ein tidlegare song av bandet kalla «Reflected».[1] «Raped and Freezin'» er vorte kalla ein «festleg og særs fengande» song om seksuell trakassering av Jason Thompson i PopMatters.[2] «Unfinished Sweet» handlar om eit tannlegebesøk.[2] Tittelsporet er skriven i lag med Reggie Vinson, som spelte gitar og song på School's Out.[13] Donovan skildra songen som ein «skrekkhistorie-song».[14] Den siste songen på albumet, «I Love the Dead» er ein underfundig song om nekrofili.[15]

Remove ads

Turne

Thumb
Alice Cooper framfører Billion Dollar Babies.

Etter albumet kom ut la bandet ut på ein turne som sette nye salsrekordar i USA, tidlegare heldt av the Rolling Stones, og omfatta 64 konsertar i 59 byar på 90 dagar. Bruttoinntekta var venta å vere tilnærma $20 millionar,[16] men dei tente berre om lag $4 millionar.[6]

På konsertane var Cooper kledd i kjole med falske blodflekkar i skrittet, og han reiv i sund babydokker og gjekk til åtak på mannekengar.[17] Cooper har sagt at skamferinga av dukkane symboliserte omsorgssvikt.[18] Mellom 40 og 50 folk var i sving og 11 tonn med utstyr vart nytta.[19] To semi-trailerar frakta alt sceneutstyret som omfatta tannlegebor, fire piskar, eit operasjonsbord, seks stridsøkser, 33 000 programhefte, 300 babydukker, 22 000 stjerneskot, 58 mannekengar, 280 ekstra lyspærer og mykje meir.[20]

Mottaking og påverknad

Billion Dollar Babies gjorde det betre enn dei førre albuma til Alice Cooper. Det gjekk til topps i både USA og Storbritannia.[16] Singlane «Elected», «Hello Hooray», «Billion Dollar Babies» og «No More Mr. Nice Guy» vart alle hittar i USA.[21] I mars 1973 mottok bandet gullplate for albumet og i 1986 hadde det seld til platina.[22]

Den norske gruppa Turbonegro laga ein song kalla «Zillion Dollar Sadist» som ei hyllest til Billion Dollar Babies.[23] David Byrne frå Talking Heads har sagt at albumet inspirerte han til å skrive songen «Psycho Killer».[24]

Remove ads

Innhald

LP

Meir informasjon Nr., Tittel ...
Meir informasjon Nr., Tittel ...

Bonusspor på deluxe-utgåve

CD-utgåva frå 2001 inneheld desse spora i tillegg[25]:

Meir informasjon Nr., Tittel ...


Remove ads

Medverkande

Lister

Album

Meir informasjon År, Liste ...

Singlar

Meir informasjon År, Singel ...

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads