Love It to Death

From Wikipedia, the free encyclopedia

Remove ads

Love It to Death er eit album frå 1971 av Alice Cooper. Albumet inneheld hittar som «Ballad of Dwight Fry», «Is It My Body» og ein av kjenningsmelodiane til Cooper, «I'm Eighteen». Etter to mislulkkalaubm var dette albumet Alice Cooper slo gjennom med. Mykje av dette er tilskriven produsenten Bob Ezrin, som reinska opp stilen til bandet med nye idear og gjorde dei meir tilgjengelege, mest merkbart på songen «I'm Eighteen». Songen var opphavleg mykje lenger og i ein meir psykedelisk stil som dei to første albuma til bandet, som inneheldt fleire lengre songar.

Meir informasjon Kritikk, Alice Cooper-kronologi ...

Albumet skapte mykje kontroversar då det kom ut. På dei første utgjevingane stakk tommelen til Cooper ut av buksa hans, og gav ein illusjon av ein penis. Dette førte til at Warner Brothers sensurerte det (det finst fire forskjellige plateomslag til albumet). Tommelen til Alice Cooper og den høgre armen hans vart luftpensla bort på dei sensurerte versjonane.

I 2003 vart albumet rangert på 460. plass på lista til Rolling Stone over dei 500 største albuma gjennom tidene. I 2009 vart det gjeven ut ei audiophile avgrensa CD-utgåve i 24-karat gull av albumet.

Den første utgåva av albumet vart gjeven ut på Straight Records, eit selskap skipa av Frank Zappa og manager Herb Cohen. Då albumet vart ein suksess hadde det alt vorte gjeven ut på ny av Warner Bros. Records, som var den opphavlege distributøren til Straight.

Love It to Death nådde 35. plass på Billboard-lista i USA. To singlar frå albumet nådde òg lista, «I'm Eighteen» på 21. plass og «Caught in a Dream» på 94. plass.

Remove ads

Innhald

Meir informasjon Nr., Tittel ...
Meir informasjon Nr., Tittel ...
Remove ads

Medverkande

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads