Irving Berlin

From Wikipedia, the free encyclopedia

Irving Berlin
Remove ads

Irving Berlin (eigentleg Izrail Bejlin, 11. mai 188822. september 1989) var ein russisk-amerikansk komponist og tekstforfattar. Musikken hans er blitt del av den amerikanske songtradisjonen kjend som Great American Songbook. Han er kjend for songar som «Alexander's Ragtime Band», «Easter Parade», «Puttin' on the Ritz», «Cheek to Cheek», «White Christmas», «Happy Holiday», «Anything You Can Do (I Can Do Better)» og «There's No Business Like Show Business».

Kjappe fakta Fødd, Fødestad ...
Remove ads

Liv og virke

Bakgrunn

Familien til Berlin kom frå sjtetlen Tolotsjin i dagens Kviterussland, men papira hans var fødd i Tjumen i Sibir. Han var eit av dei åtte barna til Moses (1848–1901) og Lena Lipkin Beilin (1850–1922). Far hans var kantor i ein synagoge. Familien drog frå Tsar-Russland til USA i 1893.[2] Etter at dei kom fram til USA blei namnet Bejlin eller Beilin endra til «Baline».

Familien til Berlin var ein av hundretusenvis jødiske familiar som kom til USA på slutten av 1800- og byrjinga av 1900-talet, på flukt frå diskriminering, fattigdom og brutale pogromar. Andre slike familiar var dei til George og Ira Gershwin, Al Jolson, Sophie Tucker, L. Wolfe Gilbert, Jack Yellen, Louis B. Mayer (del av MGM) og Warner brothers.[3]:14

Frå han var åtte måtte Berlin arbeida for å overleva,[4] blant anna ved å selja aviser.

Ein periode jobba han som syngande kelner i ein kafé. Innehavaren bad han laga ein song for å fremja føretaket. Dette blei byrjinga på ein komponistkarriere som kom til å omfatta over 1000 songar.

Karriere

Fyrst skreiv Berlin songar som blei trykte og selde i laussal, dels brukt i vaudeville. Det endelege gjennombrotet kom med Alexander’s Ragtime Band i 1911. Sidan følgde ei rekkje suksessrike Broadway-musikalar og Hollywood-filmar. Han var aktiv fram til byrjinga av 1960-talet, då han trekte seg tilbake etter ein fiasko med ein musikal.

Irving Berlin var sjølvlærtklaver og lærte seg aldri notar. Han skilde seg ut frå dei fleste andre amerikanske slagerkomponistane ved at han laga både tekst og melodi. Det best kjente verket hans er «White Christmas», som òg vann Oscar for beste song. Om ein reknar med alle innspelingane som ulike artistar har gjort av denne, er dette stadig den mestseljande songen i verdshistoria.

I 1977 blei Berlin tildelt Presidentens fridomsmedalje.

Irving Berlin døydde i New York by då han var 101 år gammal. Han er gravlagd på Woodlawn Cemetery i Bronx.

Remove ads

Komposisjonar

  • Alexander's Ragtime Band
  • Blue Skies
  • God Bless America
  • Puttin' on the Ritz
  • White Christmas
  • Easter Parade
  • Musikalen Annie Get Your Gun med bl a
    • «Anything You Can Do I Can Do Better»
    • «The Girl That I Marry»
    • «You Can't Get A Man With A Gun»
    • «They Say It's Wonderful»
    • «I Got The Sun In The Morning»
    • «Doin' What Comes Natur'lly»
    • «There's No Business Like Show Business»
  • Filmmusikalen Top Hat

Songar

«All Alone», «All by Myself», «Always», «Always Treat Her Like a Baby», «Anything You Can Do», «At the Devil's Ball», «Be Careful, It's My Heart», «The Best Thing for You (Would Be Me)», «Blue Skies»; «Crinoline Days», «Tell Me Little Gypsy» og «Heat Wave».

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads