Bingsfossen
foss i Glomma ved Sørumsand From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Bingsfossen er ein foss i Glommavassdraget like ovanfor Sørumsand. Den har eit fall på fire meter, og vart bygd ut med vasskraftverk og damluker i 1978 til Bingsfoss kraftverk.
Fylkesveg 171 går over demninga.
Like nedanfor Bingsfossen på nordsida av Glomma ligg dei einaste helleristingane på Romerike.[1] Like ovanfor fossen på sørsida av Glomma ligg Bingsfoss stasjon på Urskog-Hølandsbanen. Nedanfor Bingsfoss ligg Bingen tømmerlenser.[2]
Dersom det var ei sluse i samband med denne demninga og ei ved Rånåsfoss ville det vere råd å dra med fritidsbåt frå Solbergfoss i Askim, til Fåberg nord for Lillehammer i Mjøsa. Ei sluse i demninga ved Funnefoss vil kunne gi samband til Storsjøen i Odalen og Glåma til Kongsvinger kraftverk.
Nedanfor Bingenfossen vart det i 1995 funne ein stokkebåt av eik. Han har vorte kalla Sørumsbåten eller Bingenbåten, og er eldste båtfunnet i Noreg
Høg vassføring over søndre løp av Bingenfossen under flaumen i juni 2011
Foto: Tommy Gildseth
Remove ads
Kjelder
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads