Birgit Hagen
norsk kunstnar From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Birgit Hagen (4. oktober 1912–7. april 2004) var ein norsk tekstilkunstnar, målar og teiknar.
Remove ads
Liv og arbeid
Birgit Hagen vart fødd i Vats, ei fjellbygd i Ål kommune. Ho var dotter til Kari Randen og Engebret Dusegard-Hagen og vaks opp på småbruket Brattegardshagen.[1] I barndommen var ho og søskena med i arbeidet på garden og i fjellet, blant anna på Jonsstølen ved Gyrinosvatnet og ved fjellvatnet Bjørnsenn. Ein kan merke ein nærleik til naturen i mange av arbeida hennar, til dømes i teppet Vår i Bjønsen, samtidig som formspråket er abstrakt.[2]
Etter teiknelinja ved Statens kvinnelige industriskole i Oslo i åra 1943–45 kom Birgit Hagen i kontakt med den finske tekstilkunstnaren Maija Kansanen-Størseth, som fekk henne til å utdanne seg vidare i 1946–47 ved Centralskolan för konstflit (i dag del av Aalto-universitetets högskola för konst, design och arkitektur) i Helsingfors. I Finland møtte ho eit moderne formspråk som også omfatta biletvev, og ho fekk høve til å utvikle eit personleg kunstnarleg uttrykk i veven. Dei første arbeida var ryer og biletvev med filler. Seinare gjekk ho over til finare, meir tidkrevjande materiale. Ho spann og farga garn sjølv, men kombinerte det med kjøpt garn og andre trådar som gav kontrast.
Hovudverka er ei rekke store biletteppe i impresjonistisk stil. Glød og rikdom i fargane er det berande elementet, og materialbruken er variert. Motiv og inspirasjon er henta frå fjellet og frå reiser i Europa. Dei siste åra arbeidde ho mest med teikning og oljemåleri, som var raskare og meir fleksibelt enn veven.
Birgit Hagen bestemte seg tidleg for å ikkje selje arbeida sine, og i 2002 vart det meste av produksjonen hennar på nesten 50 biletteppe, 70 måla plater og fleire manuskript gjeven til Hallingdal Museum.
Remove ads
Stiftelsen til fremme av Birgit Hagens kunst
Det er oppretta ein stiftelse som skal sjå til at Birgit Hagens kunst, dvs. det vevde, måla og skrivne arbeidet, blir teke vare på og gjort kjent.
Utdanning og stipend
- 1943–1945 Statens kvinnelige industriskole, Oslo. Toårig teikneklasse.
- 1946–1947 Centralskolan för konstflit, Helsingfors
- 1948 og i åra framover praktikant/assistent på Sigrun Bergs vevstove
- 1953 Stipend Fondet for dansk-norsk samarbeid
- 1977–1978 Vidareutdanningsstipend for kunstnarar, med opphald i Paris
- 1980 Hospitant ved Oslo Kunstakademi
- 1980–1981 Hospitant ved Vestlandets kunstakademi
Utstillingar
- Galleri Per, Oslo 1949, separatutstilling
- Brukskunst, haustutstillinga i Kunstnernes hus 1950–1952
- Norsk Brukskunstutstilling, Gøteborg og København 1951
- Triennale di Milano,1960. Tildelt diplom for teppet Moder jord
- Kunstindustrimuseet, Oslo 1970, separatutstilling
- «Ung visjon», Molde 1982, kollektivutstilling
- «Inntrykk I», Hallingdal Museum, Nesbyen 2003
- «Inntrykk II», Hallingdal Museum, Nesbyen 2003
- «Årstidene», Hallingdal Museum, Nesbyen 2004
- «En drøm», Hallingdal Museum, Nesbyen 2004
- «Apokalypse. Åpenbaringens symboler», Hallingdal Museum, Nesbyen 2010
- «Drama-teppene fra Birgit Hagens samlinger», Geilo kulturkyrkje, Geilo 2011–2012
- «Birgit Hagen. 100 år – 100 verk», Hallingdal Museum, Nesbyen 2012
- «Birgit Hagen-sommar», friluftsutstilling ved Leveld kunstnartun 2015-2021 med foto av 22 biletteppe og broderi.
- «Ode til en vaskeklut, hymne til en tiger. Norske tekstilkunstnere 1977–2017», Kunstnerforbundet Oslo 2017, Kunsthall Stavanger 2018, kollektivutstilling
- «Tepper av Birgit Hagen», Ål kulturhus 2018
- «Birgit Hagen – Einsamt hjarta», Drammen museum 2022
- Lofoten internasjonale kunstfestival (LIAF) 2022
Utsmykkingar
- «Nymfer og solstråler» 210 × 130 cm, Hallingdal Sjukestugu – Vestre Viken, Ål
- Biletteppe 205 × 200 cm, 1966, Nordli kyrkje, Namdal
- Brureteppe, 220 × 150 cm, 1959, Ål kyrkje (frå 2014 oppbevart på Hallingdal Museum, Nesbyen)
- «Ild» 100 × 79 cm, 1954, Porsgrunn Lutherske Sykehus
- «Bønn» 150 × 100 cm, 1951, Vic Hotell Porsgrunn (truleg tapt)
Kjelder
Litteratur
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads