Biletvev
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Biletvev er eit tekstilt bilete eller dekorativ vevnad danna ved kryssing av trådar i ulike fargar. Veving av biletet skjer som oftast vertikalt med ein kartong ståande bak renninga.


Foto: Eirik I. Johnsen/Kulturhistorisk museum i Oslo
Remove ads
Historie
Blant dei tradisjonelle vevtypane i Noreg var oppstadveven, der renninga blei halden stram med kljåsteinar.[1]
Teknikk

Teikning:
Frode Inge Helland

Teikning:
Frode Inge Helland

Teikning:
Frode Inge Helland

Ein vevnad består av renning og innslag. Renninga, oftast av lintråd, er stammen i veven. Innslaget er garnet som dannar biletet eller mønsteret. Innslaget går i prinsippet vekselvis under og over annankvar renninnigstråd. Fargeskilja parallelt med renninga og skapar er ei svakheit i den tekstile strukturen som i hovudsak blir løyst på to måtar:
- Gobelengteknikk
- Hakketeknikk
Gobelengteknikken går ut på at innslagstråden i eit fargefelt vender seg om same renningstråd. Dette skaper ei open spalte som ein må sy saman etter kvart.
Hakketeknikken går ut på at innslagstråden frå to fargefelt som grenser mot kvarandre vender om forskjellige, gjerne annenkvar, renningstråd. Dermed blir fargeskiljet sikksakkforma, eller «hakkete». Denne teknikken er nesten eit varemerke på tradisjonell norsk biletvev. Europeisk og norsk biletvev skil seg klart frå kvarandre nettopp på dette området. Dei store europeiske gobelengane har eit høgt teknisk nivå, og prøver å ta opp konkurransen med maleriet ved å gje att så å seia kvart einaste penselstrøk.
Tradisjonelle norske vevnader nyttar for det meste hardt spunne, totråda garn av spælsau. Til farging blei det nytta plantefargar.
Norske vevkunstnarar
- Synnøve Anker Aurdal
- Ragnhild Enge
- Augusta Christensen
- Birgit Hagen
- Frida Hansen
- Else Marie Jakobsen
- Kåre Jonsborg
- Kirsti Meland
- Gerhard Munthe (vevnadane utført mellom anna av kona Sigrun)
- Bjarne Rise
- Ragnfrid Rise Hoel
- Hannah Ryggen
- Håkon Stenstadvold
- Synnøve Thorne
Kjelder
Litteratur
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads