Bitlis

From Wikipedia, the free encyclopedia

Bitlis
Remove ads

Bitlis (armensk Բաղեշ Baghesh eller Բիթլիս Bitlis; gammalsyrisk ܒܝܬ ܕܠܝܣ Beṯ Dlis; kurdisk Bidlîs; osmansk-tyrkisk بتليس) er ein by aust i Tyrkia og administrasjonssenter i provinsen Bitlis. Byen har kring 45 000 innbyggjarar (2010) og ligg 1400 meter over havet, 15 km frå Vansjøen, i ein trong dal ved elva Bitlis, ei sideelv til Tigris. Hovudnæringa er hovudsakleg basert på jordbruksprodukt, som frukt, korn og tobakk. Bitlis har vegsamband til andre byar som Tatvan ved Vansjøen, 25 km mot nordaust, og Muş (Mush), 100 km nordvest, og Diyarbakır, 200 km mot vest.

Kjappe fakta Land, Region ...

Bitlis skal i følgje segnet vere grunnlagd av Aleksander den store. Han vart i 648 erobra av kalifen Umar ibn al-Khattab, og fekk så sin eigen khan. Etter at Murad IV av Det osmanske riket erobra Jerevan, vart khanen av Bitlis underkasta han.[2]

Bitlis har alltid vore ein uroleg stad, busett av kurdarar og armenarar, og den 25. oktober 1896 vart armenarane i byen massakrerte.[2]

Remove ads

Klima

Klimaet i Bitlis er hardt med lange vintrar og mykje snø. Somrane er varme og med høg fukt. Bitlis har eit tørt kontinentalklima (Köppen si klimaklassifisering Dsb).

Meir informasjon Vêrdata for Bitlis, Jan ...
Remove ads

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads